Viser innlegg med etiketten dagdraumar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dagdraumar. Vis alle innlegg

onsdag 12. januar 2011

Å leve i nuet?

Vi skal prøve å leve i nuet.
Glede oss for det som skjer i dag.
Dette minuttet.

Det er litt enklare når ein er 2,5 år...trur eg.
Då eg henta småtroll 1 frå barnehagen i går,
blei han så utruleg glad for det han såg ute:

"Sjå, mamma! SOLA! SOL! HIHIHI SOL!!"
Eg var trøtt og lei og sa, sikkert med litt etterlikne entusiasme:
"Jah! Sjå der! Sol! JIPPI!!"

Då blei han så glad, hoppe opp og ned og ropa jippi!
Det var gjort.
Eg måtte flire og le.
Tenk å glede seg slik over nuet!
Det var ikkje verkeleg sola ein gong.
Berre rosa skyer av solnedgongen!
Men vi såg "sola",
heile vegen heim frå barnehagen.

♥

Men i dag klarer eg ikkje å la vere.
Eg gler meg til meir sol.
Meir varme.
Mindre kle.




Nyte frisk frukt på altanen til bestemor

♥


Nyte blomar frå småtroll 1 som har vore på blomeslang i nabohagen

♥


Nyte eit glas raudvin, nonstop, nektarin og kiosklitteratur på lyse kveldar

♥


Men eg må nok innsjå at det må bli med dagdrauming når det gjeld slike ting ei god stund til...
...is, glatt, men flott!

♥

Mykje kle.
Glade svoltne sauar!
Glad og mett gut!

♥

No har begge småtrolla sovna og eg skal kose meg inne,
med stearinlys og teppe.

Ha ein fin kveld!
Vi er midt i veka,
og snart helg ;)

Ein fordel med å jobbe er å få fredagskjensle!

Kjekt at så mange ville bli med på give away!
Eg såg føre meg fire lappar *ler*

Småtroll 1 skal få trekke i helga.
Hugs å skriv ein kommentar på innlegget dersom du vil bli med!

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails