Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg

onsdag 21. desember 2011

Avspasering. Også kalla julefeire!

No har eg nokre dagar med avspasering.
Det går som juleferie på folkemunn.
Men det som er hærleg med denne avspaseringa/ferien er at eg ikkje skal måle!
Eg skal ikkje måle hus.
Eg skal ikkje måle paneltak eller veggar.
Eg skal ikkje måle møblar.
Eg skal ikkje MÅLE!!!

Det kjennest ut som eg har måla i tre år...i strekk.
Det har eg då ikkje,
men det kjennest slik ut!

For litt under eit år sidan såg kjellaren slik ut:




Soveromma slik:




Eg er ikkje ferdig der nede,
men no ser det slik ut:



Og eg elskar det.




Eg ELSKAR det!!




EG ELSKAR DET!!





*dududududuuuuuuu I'm lovin' it*

Ein febersjuk gut i huset,
men eg målar ikkje!!!

JEJ!!

Snart er det pinnekjøt å ete!!!

-Hanne-


fredag 7. oktober 2011

Grunna ferdig...

Med ei småsjuk jente heime i to dagar,
har ikkje malingsprosjektet kome så langt som planlagt.
Men no har ho kome seg,
og det viser seg at ho har to hjørnetenner på veg ut som gjorde henne litt uvel.
Men ho har hatt ei stygg hoste, som no berre er slimhoste.
Småtroll som ikkje er i form er ekstra søte ♥
Berre dei søv, og mine har sove godt :)

Men eg har fått grunna ferdig.
Tak og veggar.



Før
Eg let bileta snakke for seg sjølv.




Etter eg har ete frukost og sett tysdagsepisoda av Greys,
skal eg starte på strøk 1.

Får fortsatt ikkje til å kommentere på dei fleste bloggane.
Det irriterar meg!!
SÅ utruleg mange flotte bidrag på NIB,
og fleire kjekke innlegg eg vil legge att gode ord på :)

Men som svar til Hanne om tapeten under.
Den er kjøpt for litt over tre år sidan på fargerike.
Anar ikkje om dei sel han enno :)

God dag til deg og dine.

♥klem Hanne♥


laurdag 27. august 2011

Det rosa sminkebordet!

Endeleg har eg teke meg tid til å knipse bilete av det rosa sminkebordet vi har på soverommet.
Og la meg berre seie det;
sminkebordet er vanskeleg å ta bilete av!
Ikkje det største soverommet,
men den største senga som tek det meste av lyset frå vindauget.
Ein del skuggar på sminkebordet som gjer at det ikkje får vist seg frå si beste side.
Men her får du sjå det eg fekk til.




Har ikkje vore fan av rosa tidlegare.




Men etter at ei prinsesse kom i hus, vart her meir og meir rosa.




Ikkje berre i kle til henne,
men i interiøret.




Men blandar det med raudt,
slik at det ikkje blir for søtt.




Slitt med raudt og kvitt.




Flotte detaljar.




Hærleg.




Reine linjer finn du òg.




For utan om rot (som for biletseansen var kasta i hjørnet av rommet),
står ballerinahaldaren min til øyredobbane.
Denne vann eg på ein fancy gammaldame-motevisning i Miami (på spring break med bestemora til ei venninne frå Minneapolis;) i 2006.



Den som hadde vore ei ekte ballerina!


Dett var dett!

Kos deg på laurdagskvelden!

♥klem Hanne♥


onsdag 24. august 2011

Ferdig måla panelrom...

Gjesterommet er ferdig for no.
Er ei god kjensle å vite at vi kan ha folk på overnatting og eg (ja, eg skriv eg fordi husbonden hadde sikkert ikkje vore flau), ikkje treng å vere flau over å vise rommet dei skal sove på!




Lyse veggar og lys som kjem inn vindauget.
Eg elskar det!



Nattborda på alle soveromma i huset har blitt desse Lack-hyllene frå ikea.
Vanvittig praktiske.
Ingen rot på golvet og ingen krikar og krokar å havne støv på,
men akkurat store nok til å få plass til det du treng på natta eller kvelden.

Stol ved siden av senga.
Småtroll 2 må òg kome seg oppi senga når dei skal hoppe og tulle der!





I vindaugskarmen har eg plassert sko som eg og husbonden traska rundt i då vi var 1,5 år.
Lurte lenge på om eg skulle behalde desse, eller kvitte meg med dei.
No er eg glad eg ikkje kasta dei :)




"Dine liknar på småtroll 2 og Gard sine liknar på småtroll 1",
sa svigermor.

Ho har igrunnen rett!
(mine er dei raude, dersom du var usikker)

Eg kjenner meg lettare til sinns berre fordi der er lysare, merkeleg.
Gangen får vente til haustferien.



Slik såg rommet ut før.
*frysningar*

God kveld!

♥klem Hanne♥

laurdag 6. august 2011

Og det blir lys(t)...

Eg held fortsatt på å måle vekk alt det trekvite,
men det går sakte.

Eit soverom er ferdig.


Det skal vere gjesterom,
men småtroll 1 søv der til det andre soveromet er ferdig.



Det andre soveromet...jo, det er ferdig grunna.
No er det berre å brett opp armane å prøve å få det òg ferdig.
Skal nok blir det i løpet av neste veke.
Eg gler meg til å innreie!

No skal vi lage ferdig pizza og kose oss.

God laurdagskveld til deg.

♥klem Hanne♥

torsdag 30. juni 2011

1 rom ferdig måla...

2 rom att...

Eg starta på dette romet i april, trur eg.
No er det i alle fall INGEN meir trekvitt i dette romet.


Slik var det før eg måla.


No er det lyst og glinsande!
Men biletet fortel ikkje sanninga.
Skal legge ut bilete når romet er innreda.



Har to rom til å måle.
Eit soverom og ein gang...ein lang gang.
Men det må bli etter to veker i Hellas!!



Denne ivrige krabaten skal pakkast av småtroll 1 i morgon!

Kva planar har du i sommar?

♥klem Hanne♥



søndag 22. mai 2011

Oppussing av nattbord!

Då har eg endeleg kasta meg rundt å starta å måle litt.
No skal eg ha ny kåpe på to nattbord.
Det eine skal mitt siste fadderbarn få.
Og det andre skal mitt fyrste fadderbarn få.
Det siste døypte seg i dag.
Det fyrste skal konfirmerast neste helg.

Før:


Og etterbilete har eg ikkje...fordi det er ikkje ferdig!
Har ikkje kome lenger enn til første strøk.



Knottar.
Ein til ungdom.



Ein til barndom.



Flott temperatur på Sunnmøre i dag.
17 grader.
Småtroll 2 på luftetur i finstasen.

Begge skal få eit par lag med ein nydeleg gråfarge.
Det er typisk Sunnmøre.

Håper du har hatt ei  flott helg.

♥klem Hanne♥

søndag 24. april 2011

Panel, panel...

I kjellaren har vi to soverom og ein gang dekka i panel.
Trekvit panel.
Denne skal forsvinne i løpet av sommaren.
Eg har starta.
Rommet er tomt.
Tak og veggar er vaska.
Kvistlakk er svampa på.

Neste steg er grunning.
Det skal bli fantastisk å få lyse opp kjellaren.



Fyrste rommet skal bli gjesterom.

Sit du med panelkledde rom?

♥klem Hanne♥

søndag 13. mars 2011

Sminkebordet på plass!

Det var eit mål eg hadde å få gjort i løpet av februar,
men midten av mars er godkjent med meg!

No er sminkebordet på plass på soverommet.
Men det er ikkje meir enn det.
Har veldig lyst å styre og stelle akkurat no,
men det er andre ting som eg MÅ prioritere.

Spesped innsending #3 er blitt levert i løpet av dagen.

Eg reiser på leirskule og blir vekke heile veka.
Difor blir det berre eit lite snikbilete av sminkebordet på soverommet.
Hadde du sett meir, hadde eg vist alt rotet.
Det var mykje rot!



Så må eg berre vise vårveska mi som heng og ventar på at ho skal kome i bruk!
Eg kan ikkje bruke ho opp no når det forsatt er snø ute ;)



He ei fin veke!
Eg skal kose meg på leirskule,
men eg kjem til å savne småtrolla enormt ♥

♥klem♥

måndag 6. desember 2010

Lyst til å måle...

Eg har så lyst til måle! Har mykje som står på vent, men det er for kaldt og eg har igrunnen ikkje tid (men det hadde eg funne tid til hadde det vore god temperatur;).

Då har eg flytta gamle møblar inn i stua utan å ha fått nokre strøk måling,


men det skal vel bli ei råd med til våren



Ludvik seier også hei til deg. Han ser litt forvirra ut, og det er han sikkert òg. I går oppdaga vi at han hadde ein kul på ryggrada *snufs* Vi må ta han til dyrlegen for å sjekke. Eg håper han ikkje har det vondt! Det er ikkje ofte eg tek synd på kattane, men eg vil ikkje at dei skal ha smerte ♥

Ha ein fin måndag alle saman!

♥klem♥


fredag 3. desember 2010

Ut med det gamle, og inn med noko anna gamalt

Då har eg endeleg fått ut skatollet. Det var eit flott skatoll, men no var eg litt lei og ville ha inn det gamle kjøkkenbordet til bestemor.

Slik var det før:


Og slik ser det ut no. Merkeleg å tenkje at her sat bestemor, bestefar og dei tre gutane og åt middag. Merkeleg å tenkje at her baka bestemor lefser. I dag må vi minst ha to benkeplater òg eit stort kjøkkenbord for å klare det same.


Bordet vart måla for over fire år sidan då eg flytta i leiligheit etter USA.



Etter at vi flytta inn i huset har det stått ute under tak og blitt brukt til det meste. Målinga har flakka mykje av, men pytt sann, endå finare i mine auge ♥



No skal eg og småtroll 1 lage ferdig pizza, medan småtroll 2 forstatt søv.

Ha ein fin fredagskveld! 

♥klem♥

NB. Hugs å ta deg ein tur i Ura i morgon mellom 12-15 dersom du har sjans. Julestrømpene og hjarta til Resirkuline er verkeleg verdt å sjå! Begge småtrolla skal få kvar sitt her ♥


torsdag 2. desember 2010

Utsal i Ura saman med Resirkuline - 20% avslag

Laurdag har eg fått lov å vise nokre av møblane eg har pussa opp saman med Resirkuline. Ho held til i Ura. I 3.etg. på samme bygg som FOA. Vi kjem til å vere der frå 12-15. Hege har sydd nydelege julestrømper og har mykje anna snacks å by på ♥ Sjå her for meir.

Eg kjem til å ha utover sminkebordet og ein stol. Elles er ikkje trappa opp til 3.etg. brei nok til å få opp meir!



Både Resirkuline og mine varer blir solgt med 20% avslag på laurdag.

Ta deg ein tur då vel!

♥klem♥

torsdag 28. oktober 2010

Ferdig!

Eg er ganske fornøgd med skåpet, det blei så flott! Ikkje lett å få fram på bilete, men eg har gjort så godt eg kan ;)


♥ Skåpet passar perfekt på eit soverom, både til gut og jente ♥


♥ Skåpet har flotte utskjeringar og detaljar ♥


♥ Knottane er skifta og har koelege blomar og nydelege fargar ♥


♥ Der er tre skuffer som eg har måla tal på for frihand ♥


♥ På ein, to, tre ♥



♥ No må dei berre tørke, så kan eg viske vekk blyantstrekane ♥


Skåpet er ferdig og til sals. Kontakt meg dersom du er interessert!

Ha ein fin kveld!

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails