Viser innlegg med etiketten møblar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten møblar. Vis alle innlegg

laurdag 27. august 2011

Det rosa sminkebordet!

Endeleg har eg teke meg tid til å knipse bilete av det rosa sminkebordet vi har på soverommet.
Og la meg berre seie det;
sminkebordet er vanskeleg å ta bilete av!
Ikkje det største soverommet,
men den største senga som tek det meste av lyset frå vindauget.
Ein del skuggar på sminkebordet som gjer at det ikkje får vist seg frå si beste side.
Men her får du sjå det eg fekk til.




Har ikkje vore fan av rosa tidlegare.




Men etter at ei prinsesse kom i hus, vart her meir og meir rosa.




Ikkje berre i kle til henne,
men i interiøret.




Men blandar det med raudt,
slik at det ikkje blir for søtt.




Slitt med raudt og kvitt.




Flotte detaljar.




Hærleg.




Reine linjer finn du òg.




For utan om rot (som for biletseansen var kasta i hjørnet av rommet),
står ballerinahaldaren min til øyredobbane.
Denne vann eg på ein fancy gammaldame-motevisning i Miami (på spring break med bestemora til ei venninne frå Minneapolis;) i 2006.



Den som hadde vore ei ekte ballerina!


Dett var dett!

Kos deg på laurdagskvelden!

♥klem Hanne♥


måndag 8. august 2011

Gnom på jobb?

Du veit alle desse maskinene du kan putte 1 Euro på og få ein ting du aldri brukar?
Dei som småtrolla elskar?
Dei var overalt på Kreta.
Vi fekk mykje som enda i bosset,
men denne gnomen fekk vere med meg heim!


Ikkje berre fordi eg elskar fargane på han,
men han viste seg å vere praktisk òg.



Ein blyantkvessar!
*JEJ* Han skal få bli med meg på jobb.
Og dit skal eg i dag.



I bakgrunnen ser du sminkebordet på soverommet mitt.
I gamalrosa



Håper du får ei fin veke.
Eg skal på jobb og gler meg til det!
Eg og gnomen.

fredag 3. desember 2010

Ut med det gamle, og inn med noko anna gamalt

Då har eg endeleg fått ut skatollet. Det var eit flott skatoll, men no var eg litt lei og ville ha inn det gamle kjøkkenbordet til bestemor.

Slik var det før:


Og slik ser det ut no. Merkeleg å tenkje at her sat bestemor, bestefar og dei tre gutane og åt middag. Merkeleg å tenkje at her baka bestemor lefser. I dag må vi minst ha to benkeplater òg eit stort kjøkkenbord for å klare det same.


Bordet vart måla for over fire år sidan då eg flytta i leiligheit etter USA.



Etter at vi flytta inn i huset har det stått ute under tak og blitt brukt til det meste. Målinga har flakka mykje av, men pytt sann, endå finare i mine auge ♥



No skal eg og småtroll 1 lage ferdig pizza, medan småtroll 2 forstatt søv.

Ha ein fin fredagskveld! 

♥klem♥

NB. Hugs å ta deg ein tur i Ura i morgon mellom 12-15 dersom du har sjans. Julestrømpene og hjarta til Resirkuline er verkeleg verdt å sjå! Begge småtrolla skal få kvar sitt her ♥


torsdag 28. oktober 2010

Ferdig!

Eg er ganske fornøgd med skåpet, det blei så flott! Ikkje lett å få fram på bilete, men eg har gjort så godt eg kan ;)


♥ Skåpet passar perfekt på eit soverom, både til gut og jente ♥


♥ Skåpet har flotte utskjeringar og detaljar ♥


♥ Knottane er skifta og har koelege blomar og nydelege fargar ♥


♥ Der er tre skuffer som eg har måla tal på for frihand ♥


♥ På ein, to, tre ♥



♥ No må dei berre tørke, så kan eg viske vekk blyantstrekane ♥


Skåpet er ferdig og til sals. Kontakt meg dersom du er interessert!

Ha ein fin kveld!

♥klem♥

fredag 8. oktober 2010

Blått skåp in the making!

Denne veka har eg fått måla fyrste strøk på eit skåp...blått! Det blir bra flott!


Dette skåpet har hyller på eine sida, hyller og skuffer på andre sida. Passar perfekt til kleskap til små krabatar!



Eg har to av desse krokane. Eg kjøpte dei på blomster og gåver då eg skulle flytte til Volda for å studere i 2002. No skal eg endeleg måle dei. Har berre grunne dei til no, men trur dei skal bli blå, som skåpet, for dem fargen er hærleg!


♥klem♥

tysdag 31. august 2010

Måle, måle, måle!!

Eg har mange gamle møblar stabla på garasjeloftet.
Dei står der å ventar på å bli "nye".
I går var eg på Herøy malarservice,
der kunne eg handla meg meir enn blakk!

Så mange fine fargar!!!


...eg måtte hegne meg, men det blei dyrt nok!

No har eg vaska, pussa og måla to strøk på to av trestolane som eg
kjøpte på laurdag. Eg håper ho som kanskje skal kjøpe dei, likar dei!! :)



laurdag 21. august 2010

Ein koseleg, men vindfull dag


Det var ein flott dag i Gjerdsvika.
Litt sol, litt skyer, litt regn, men MYKJE vind.
Tross dette var det folk- og morosamt!

Resirkuline var på plass! Både sydde og selde.
Det var utan tvil den koslegaste standen!



Her ser du to kjolar, ein til barn og ein til vaksen.
Kjolane til vaksne er så flotte!! Eg vil tru dei passar til nesten alle kroppar ;)
Og utruleg behagelege.
På biletet underst ser du standen til Resirkuline ;)
Hege har på seg ein samen kjole som heng i skapet, berre i andre fargar.
Biletet øvst er skapet. Legg merke til det søte hjartet som var der.
Eg la ikkje merke til det sjølv før eg måla innsida kvit! SUKK!



Uro med nydelege soppar!


   Søt kåpe til jente. Sjå tyllprinsessekanten ;)




Desse fantastiske glaskunstane står Caroline Kvalen for.
Nydelege detaljar på glas, superkoseleg!!


Sjå soppane!


Flotte vasar med hjarte og sommarfuglar.


Kvit bakalau med tomatsalsa NAM!

eller...


...pølse i brød ;)


Ein nøgd kunde!

Ha ein flott laurdagskveld!

Related Posts with Thumbnails