...I dag satsa eg på å bli ferdig å måle nede.
Eg er godt i gong, og hadde måla i 3 timar då husbonden måtte på utrykkning.
Då skifta eg frå målekle til kosekle og laga ferdig tacoen.
Eg og småtrolla åt og kosa oss.
Etter maten var begge dei to små leie av dagen.
Småtroll 1 uttrykte det i tulling.
Småtroll 2 uttrykte det i grining.
DÅ er det berre å hive seg i ytterdressane og gå ut.
For så berre i 30 minutt.
Vi kosa oss.
Etter vi hadde sparka ball og reia( å reie = å huske),
plukka vi litt raude bær.
Fylte dei i trillebåra og trilla dei bak huset.
Eg har ofte ståande ulike glas ute.
Småtrolla fekk eit kvar og pynta med raude bær.
Dette var veldig kjekt!
Deretter blei dei plasserte på bordet vårt.
Dette bordet står ute heile året.
Vi har tak over litt av plattingen bak huset.
Der har et sett ein gamal stol,
slik at dei to kattane våre kan sove godt når det regnar og bles ute.
Eg flytta ut ein skuffeseksjon i sommar.
Den brukar eg til å ordne planter.
I skuffene har vi alt frå lekakuler til sykkelhjelmar.
Det var sol, men kaldt.
Heldigvis ikkje regn.
Det har hølja ned i snart to veker!
Her ser du nokre lykter som eg kjøpte i Istanbul i 2007.
Småtroll 2 hadde lyst å leike med bæra heile tida.
Men den får prøve å vere litt pynt.
Eg synest det blei flott!!
Vi tok med litt på framsida og pynta på verandaen òg.
Der har kome litt haustplanter.
Spor etter bæra fann vi overalt.
Arva skilt av svigermor.
Sidan vi kjøpte huset, sa ho det kunne henge der.
Men du er velkomen inn!
Litt bær på kransa.
Inne stod tacoen fortsatt på bordet.
Kattane kosa seg!
Sjølv om småtroll 2 reiv og sleit i øyra.
Og ville dei skulle ligge saman med både det eine og andre.
Dei berre gjespa og sov vidare.
No skal eg måle vidare....kanskje eg blir ferdig,
eller kanskje eg må måle litt i morgon òg?
Kva har du og dine ete til middag i dag??
God laurdag til deg!
Klem Hanne