laurdag 11. juni 2011

Uteplanter


I dag har eg kosa meg ute.
Eg har styrt og stella.
Litt nye uteplanter.
Desse har eg skulle ordna sidan april,
men vêret har gjort slik at det har blitt utsett.
Vêret har gjort det! ;)


Men no har eg altså summa meg til å ordne til litt meir på altanen vår ♥
Ja, dette skulle igrunnen ha vore med på NIB si utfordring,
men men....



Den gule busken i bakgrunnen er ikkje død enno.
Eg fekk han med mor mi til mi fyrste leiligheit,
og har ikkje hjarte til å kaste den.
Skal sjå om eg får rett farge i den att.
Men den har fått større krukke og ein søt, liten nabo.

Framme i bilete ser du småtroll 2,
overtrøtt og raud i auga.
Men jammen glad for å krype ute.



Her ser du altanen vår.
Den kvite frukostkroken heilt bake.
Solkroken i hjørnet,
og spiseplassen til høgre.
Ser at eg skulle retta på putene i solstolane ;)



I neste omgong skal eg få tak i eit lite bord mellom stolane.



Denne søte blomsterkorga har eg kjøpt på Kvalsund gartneri,
my other love ;)
Der skulle vere tre potter i,
men den tredje har eg plassert ein annan stad akkurat no.



Opphenget på krukkene er forma som ♥




Denne kroken likar eg veldig godt.
*kos*



Den nydlege blomen med namnet blodbeger.
Eg vart heilt forelska!




Her skal det bli levande lys på kvelden!



Småtroll 2 har allereie ruska av nokre blomar.
Spanande med nye ting.

Håper på fint vêr i pinsa!

Kos deg mykje!

♥klem Hanne♥

1 kommentar:

Related Posts with Thumbnails