I dag fekk eg telefon frå Nokian.
Eg skal bli ein av dei nye testførarane til Nokian.
Morosamt!
Eg er ikkje akkurat bilenusiast, men køyrer bil kvar dag med dyrbar last.
Husbonden forstod med ein gong at her kunne eg som dame ha større odds for å bli valgt,
enn han som mann.
Det stemte.
Meldte meg på i går kveld.
Fekk telefon i dag.
Dersom du er interessert kan du sjå meir på tilbodet på Nokian sine sider, her.
Passa bra å få nye Nokian dekk no.
På veg frå garasja til huset stoppa småtrolla.
Lurer du på kva dei driv med?
Jo, dei holdt på å smake på "den fyrste haglen".
Dei smaka og smaka.
Det kan vel ikkje bli feil å bli valgt ut som Nokian testførar på ein dag som denne?
Kva dekk køyrer du på?
Pigg eller ikkje pigg?
Hanne