Viser innlegg med etiketten småtrolla. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten småtrolla. Vis alle innlegg

laurdag 24. september 2011

Kasser til å ha leiker i...

...eller kasser til å leike med?
Det enkle er ofte det beste.
Å fjerne leikene ut av kassene og leike med dei er utruleg kjekt!





Titt titt!




Ei kasse til kvar.




Småtroll 2.




Og småtroll 1.




Elle svinsa forbi, overlegen som kattar kan å vere.




Begge småtrolla kunne tenke seg å ha henne med seg i si kasse.




Og golvet?
Jo, leikene måtte ende ein stad.


God laurdag!!

♥klem Hanne♥

søndag 11. september 2011

Ute då det regna...

...inne når sola skin.

Alle fire trolla her i huset tok på seg regnkle og gjekk ut på førmiddagen.
Målet var å grave ned løkar, som skal kome opp som blomar til våren.



Spanande synest eg.




Spanande med meitemark synest småtroll 1.




I august var stemorsblomane mine heilt visne.
Eg sette dei i trappa, som ein liten ventepost, til eg skulle orke å kaste dei.
Godt eg ikkje gjorde det!
Sjå på denne flottingen då!




Men naboen slit litt meir.



Småtroll 2 brukar støvlane eg hadde då eg var på hennar alder (eller storleik).
Søte og små.
Grøne og blå.




Vi ropte på sauane *korrikorrikorri*
Og dei kom.
Ei lita som ikkje har nok erfaring med desse synest det vart litt skummelt.




Ein litt større, har mykje erfaring og er tøff!





Tryggast når dei kom på avstand.

Kva har du gjort denne søndagen?

♥klem Hanne♥


laurdag 10. september 2011

Prinsessa...

...på erta?




På veggen er slottet i det fjerne...




På nattbordet står tiaraen...




Rundt halsen heng juvelane....




Men prinsessa på erta?
Kanskje det,
men ho hadde ikkje merka erta i alle tilfelle.




Ja, ho er mitt minste småtroll ♥
Rufsetufsa mi!




Prinsessa på erta?

Kanskje det...

Seier velkomen til nye lesarar!
Gledar hjartet mitt!

God laurdagskveld til deg!

♥klem Hanne♥





fredag 26. august 2011

Søte-tøffe sko

Småtroll 2 har fått seg søte-tøffe sko til hausten og vinteren.
Kjøpt på H&M, where else?
Fekk dei i posten i dag.




Ho måtte sjølvsagt prøve dei med ein gong.




Ho har òg fått den søtaste kåpa og pannebånd med sløyfe.
No kan hausten kome,
men no har vi 20 varmegrader!
Det har vore nokre merkelege månadar.




God helg!
Vekene flyg!

♥klem Hanne♥


søndag 7. august 2011

Varme!

No har vi hatt ei varm veke på Sunnmøre.
Vi nyt dagane ute.
Og malar litt både inne og ute.




♥



Begge småtrolla klarer å sitje på reia no.



Vi har ikkje hatt mykje sol,
men god nok varme til å gå utan ytterkle!

Denne veka skal eg starte på jobb.
Må få ferdig nokre halvårsplanar.
Men eg skal måle litt òg.

Håper du har hatt ei fin helg!

♥klem Hanne♥

NB. Eg har vore forsiktig med å legge ut bilete av småtrolla fordi bloggen min ikkje har vore sikra mot å kopiere. No har eg fått eit godt tips på bloggen Noe på ♥. Sjå der så kan du enkelt sikre dine bilete for å bli kopiert, dersom du ikkje har gjort det frå før ;)


fredag 13. mai 2011

Klar til bryllaup ♥

I morgon ringer kyrkjebjellene for to ♥er som skal knyte bånd.
Eg er klar.
Eg håper dei òg er klar.
Mannen min er forlovar...eg veit ikkje om han er klar!

Gulrotmuffins er klar til å etast i morgon.
Smultring skal eg ha i håret.
Eg har prøvd det ut.
Kjøpte ein "doughnut" på glitter.
Den skal festest rundt hestehalen så skal du trekke håret over...utover.


Her ser du resultatet etter at eg har prøvd i ca 2 min i ein minispegel...slik i rougboksa!
Ser ok ut.
Må bli betre i morgon når eg får hjelp frå systra mi! JIPPI!

*legg merke til småtroll 2 nede til venstre hjørne. Ho kosa seg i kattamaten medan mor prøvde å ta bilete av hårsmultringen*



"MMMMMMmmmmmmm nam nam"
Seier ho.
"Ææææææææææææææsj, pus sin mat"
Seier eg.



Kjolen, mørk druelilla.
To alternativ til smykker.



Knalltøff ny veske!!



Glova flyt.



Småtroll 2 klar til senga, og no ville pus smake hennar mat!
Ludvik gjer ei god pute,
sjølv som barbert!

Eg skal kose meg i bryllaup i helga.
Kva planar har du?

♥klem Hanne♥

torsdag 7. april 2011

Lågt blodsukker

Arbeidsdagen er over.
Både for dei små i barnehagen eller i skulen,
og dei vaksne på arbeidsplassen.
Vi kjem heim med lågt blodsukker,
og det er enno ei god stund til middag er ferdig.

Du har sikkert hørt dette tusen gongar før,
men her kjem det.
Skjer opp frukt og/eller grønsaker slik at både små og store,
som ikkje har meir tolmod,
kan få energi=kjærleik ved å få opp blodsukkeret.
I staden for at du surar og rører i pannene,
medan dei små grin og slåss rundt beina på deg.

Eg prøvar å få til dette,
men det blir ikkje kvar dag.
I to dagar har eg hatt barnehagetilpassing med småtroll 2.
Ho har hatt kortare dagar, noko som resulterte i at eg var heime litt tidlegare enn vanleg.
I dag har eg kutta opp eple og gulrot.
Eg tok tida,
det tok 2 min!!


Rosa skål til småtroll 1, alt skal vere rosa!!
Blå skål til småtroll 2, ho bryr deg ikkje om farge. Enn så lenge.



Ludvik har vorte kjend med seg sjølv på nytt,
og trivast med det.
Småtroll 2 synst fortsatt det er stas med den nye frisyra,
og er i nærleiken av han så ofte ho kan.



Over ser du "Da e Timmy tid!!"
Og småtroll 1 trur at Timmy heiter Timmy tid,
samme som han trur Mikke Mus heiter Mikke Mus klubbhus.
Nei, han ser ikkje TV. Neida.

Ha ein fin torsdag alle saman!

♥klem♥

fredag 1. april 2011

Titt tei!

Hei alle saman!
Det er over to veker sidan eg har vore her inne.
Mykje arbeid og avslapping på sofaen.

Det har vore godt.
Sist helg var vi på leikeland i Spjeklavika, Ålesund.
Dette anbefalast!
Både for store, små og dei minste.

Her er heile familien i farta.



Smoothie har vorte fortært opp til fleire gongar.



Det hoppast opp til fleire gongar dagleg.



Ludvik har vore ein tur til frisøren...ufrivillig og ubevisst.



Det leikast og lærast.



Det oppdagast og undrast.



Kva har du drive på med?

No er våren komen! ♥

GOD HELG!

♥klem♥

søndag 6. mars 2011

Mørketid vs lysetid!

Vi har alle venta på lysare dagar.
Og det er så godt!
Kvar einaste dag kjenner eg at sola er her lenger.
Men...
Lyset er òg ein avslørar!
Det avslørar at vi ikkje har hatt sol på eigedomen sidan oktober.
Det avslørar at vi har ei tulle på 11 månadar som likar å ete skive sjølv og spytte graut og middag.
Det avslørar at vi har ein på nesten 3 år som likar å smøre skiva si sjølv
og hjelpe til å både bake og lage middag.
Det avslørar at vi har mange små avtrykk av hender på kvite dører og lister.
Det avslørar at vi har to kattar, der den eine skvett "skålene" mellom, når han et eller drikk, av han på 3 som likar å hoppe frå sofaen.

I dag har eg tørka vekk noko av det lyset har avslørt...men berre litt.

Bord- og stolbeina fekk seg ein omgong med tvoga.
Og listene rundt kattematplassen.


No skin bordbeina! Enn så lenge...



Det er blitt lysare, men greinene har fortsatt ingen knoppar.
Stickers med orda: Angels are welcome here



Gamlesenga til far min, som no er gjort om til benk med tavle på eine sida.
I dag kjende eg at desse orda måtte opp,
så kanskje det blir sjølvoppfyllande!
♥
Sometimes I surprise myself by being pretty damn FANTASTIC!



Ein liten klagsong til slutt:
JA!!! Eg treng verkeleg ny sofa.
Orkar ikkje å skjenne på kattane når dei kosar seg heller,
resultatet ser du her.

Uff!!

Håper du kosar deg med lyset!!
Kanskje du òg har funne ut nokre skitne avsløringar?

♥LYS!

Ha ein fin søndag.
No skal eg kose meg med ein kopp te.

Så vil eg seie velkomen til to nye fyljarar, eg blei så glad!

♥klem♥

fredag 15. oktober 2010

Eg vart sett!

Ikkje det at eg fekk det med meg, men ei venninne av meg fortalte det; bidraget mitt til NIB si "Lopper i blodet" vart sett! Eg kom ikkje blant finalistane, men eg var eit av dei innlegga som fekk litt merksemd

 ♥ Eg blei så glad! ♥

Du kan sjå det her

Her er to ting som gjer meg glad og ein ting som ikkje gjer meg glad. Kan du tippe kva som er kva? *ler*

♥


♥


♥


♥

Takk til Therese som såg biletet mitt på NIB :D

♥klem♥


torsdag 7. oktober 2010

Haust, vått, vind = ?




I dag er Ingemann heime frå barnehagen. Han kasta opp i går så no kan han ikkje leike med dei andre før måndag, men må heller vere heime med ho mor ;)

Vi har nett vore ute å gitt gamalt brød til sauane. Inge fekk på kleda fyrst og gjekk ut. Då høyrde eg berre: "Mamma rota! Mamma rota, mamma". Har eg rota, spurte eg? "Ja!!!". Då var platten utanfor full av lau, vått, gult lau. Hehe det er ein måte å sjå hausten på ;) Mamma får som regel skulda for det meste.



Godt at borna mine kan leike seg sjølv ;) Inge teiknar fortsatt overalt! Siste nytt er skriblerier på golvet i sprittusj, off!



Mali ristar siste livsgnist ut av ei av plantene. Jaja, den såg sine siste dagar uansett....



Vi prøvar å handle ein gong i veka. Fordelar på mange måtar; sparar tid og pengar, og ikkje minst stress! Treng ikkje tenke at eg må på butikken for å handle det eine og det andre ;) Men sikkert irriterande når nokon skal ein svipptur innom og kjem bak meg i kassa, eller? *ler*

Ha ein fin dag vidare.
No skal Inge og eg prøve å bake brød. Vi håpar dei smakar like godt som dei som var i min heim då eg vaks opp. Det er målet!!

♥klem♥

NB. Batteriet i kameraet mitt er utlada, og sidan eg(har fått skulda igjen;) har rota vekk ladaren, må eg bruke det lisje digitalkameraet mitt til vi har fått lada det oppatt. Vi er så heldige å få låne ladar med broren til mannen min!



Related Posts with Thumbnails