...DYMO!
Har skulle skaffa meg det i lengre tid,
men her i huset skjer ikkje ting så fort.
I dag har husbonden vore i Ålesund og kom tilbake med DYMO i gåve til meg.
No har eg dymoa (kan vel gjere om det til eit verb?;) mykje!
Farga og kvitt.
Til klesvasken.
Vanish til flekkane.
Lyspærer og batteri, til attvinning.
Driv du med attvinning?
I så tilfelle av kva?
Eg vart glad då eg såg at butikken eg handlar på
har fått miljøstasjon for både batteri, lyspærer og lysrør.
Då blir det enklare.
Vi likar det enkelt.
Vi har skaffa oss ei stor skuffebenk til sko, sko og atter sko....
Fint å skjule rotet.
For der er rot nedi skuffa.
Støvlar, slippers og sko.
Om einannan.
Medan eg hadde organisert litt med dymomerker.
Hadde småtroll 1 organisert litt med underlag til koppar og binders.
I alle tilfelle....
Eg er veldig glad for gåva mi!
God kveld!
Klem Hanne