søndag 4. mars 2012

Bursdagshelg

Denne helga har vi vore i to selskap.
I dag var vi i 1-års bursdagsselskap til tantebarnet og nabojenta!!

Småtroll 2 hadde på seg ein kjole som ei venninne sydde til henne då ho var baby.
No sit han som støypt og fargane er berre fantastiske til henne!




Ho fekk låne gummistøvlar som eg hadde då eg var yngre :)
Så skulle ho absolutt ha på seg belte...jenter...

Våren har kome for fullt på Sunnmøre, og vi håpar han har kome for å bli!
Laukane som eg sådde i haust ser lyset.
No ventar vi på både påskeliljer, snøklokker og tulipanar.
Lyst, godt og flott!!

Kjenner du at våren er komen?

-Hanne-

NB. Biletet er frå mobilen. Kameraet treng nytt minnekort...


søndag 19. februar 2012

Søndag...



Eg skulle ha gjort NOKO,




men eg gjer INGENTING!



Har ikkje ein gong ein gullerotmuffins å vende.



Kjenner meg litt som ein gnom...



som ventar på våren og bare vegar.
Tenk å få gå i småsko og springe FORT!!
Småtroll 1 brukar å seie fort med lyd og rørsle-effekt...

Gjer du noko eller ingenting i dag?

-Hanne-


søndag 12. februar 2012

Titt, titt!

Vi er her altså.
Berre litt labert dei siste månadane.
Litt labert?
*ler* Har berre ikkje tenkt på å blogge ein gong,
men i dag fekk eg lyst.




Kanskje fordi det er morsdag?




I dag har småtroll 1 øvd.




Øvd på å byggje.
Det er det han kallar det sjølv.




Han måtte sjølvsagt øve då småtroll 2 sov i vogna si.




Øvd på å byggje tårn.
Dei fekk stå åleine.
Han fekk rive dei sjølv.
...småtroll 2 hadde sikkert elska å rive dei...




Der ser du meg.
På kortet.
Godt å ha dei geometriske formene :)

Håper du har hatt ein fin morsdag!

-Hanne-


fredag 23. desember 2011

23. desember...

...treet er bretta ut og pynta.
No skal vi slappe av og nyte kvelden.



Kos deg i kveld!




Spanande med juletrepynt!

-Hanne-


onsdag 21. desember 2011

Avspasering. Også kalla julefeire!

No har eg nokre dagar med avspasering.
Det går som juleferie på folkemunn.
Men det som er hærleg med denne avspaseringa/ferien er at eg ikkje skal måle!
Eg skal ikkje måle hus.
Eg skal ikkje måle paneltak eller veggar.
Eg skal ikkje måle møblar.
Eg skal ikkje MÅLE!!!

Det kjennest ut som eg har måla i tre år...i strekk.
Det har eg då ikkje,
men det kjennest slik ut!

For litt under eit år sidan såg kjellaren slik ut:




Soveromma slik:




Eg er ikkje ferdig der nede,
men no ser det slik ut:



Og eg elskar det.




Eg ELSKAR det!!




EG ELSKAR DET!!





*dududududuuuuuuu I'm lovin' it*

Ein febersjuk gut i huset,
men eg målar ikkje!!!

JEJ!!

Snart er det pinnekjøt å ete!!!

-Hanne-


søndag 18. desember 2011

4. søndag i advent og 0 blogglyst

I desember har eg ikkje hatt lyst til å blogge.
Lyst, ork.
Same s**t.




Men i dag då vi kom heim stod der ei stjerne ved døra!
Denne stjerna gjorde at eg fekk lyst å blogge litt!




Ei venninne har laga den til meg til jul!
Er den ikkje flott?
Dette er slike ting eg alltid har lyst å gjere,
men aldri kjem meg i gong med...




Så no har vi ei stjerne i kvart vindauge ;)
Tusen takk, Soll!

God søndag!

-Hanne-




søndag 11. desember 2011

Julemenn i boks!

Det er ikkje mykje eg bakar til jul.
I år er fyrste året vi bakar julemenn her i huset!




Skulle igrunnen bake saman med småtroll 1...og kanskje småtroll 2.
Men småtroll 1 har overnatta med bestemor (pappa si mamma, som han seier).
Det resulterte i at eg baka dei då småtroll 2 sov.

Meir effektivt.
Ikkje så koseleg,
men roleg.
Ingen skjenning.
Lite eting.




Mindre roting,
men kveitemjøl havna i ansiktet uansett.
Korleis går det seg til??




Eg halverte deiga.
Orka ikkje så mykje.
Dei er ikkje storetarar heller,
men om nokre år blir det nok andre bollar.




Desse kjekke boksane kjøpte eg på Clas Ohlson.
Eg likar både fargane og trykka.


Desember er snart halvvegs.
Før vi veit ordet av det er vi 2012!

Kva har du i boks?

-Hanne-

Related Posts with Thumbnails