Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkken. Vis alle innlegg

søndag 11. desember 2011

Julemenn i boks!

Det er ikkje mykje eg bakar til jul.
I år er fyrste året vi bakar julemenn her i huset!




Skulle igrunnen bake saman med småtroll 1...og kanskje småtroll 2.
Men småtroll 1 har overnatta med bestemor (pappa si mamma, som han seier).
Det resulterte i at eg baka dei då småtroll 2 sov.

Meir effektivt.
Ikkje så koseleg,
men roleg.
Ingen skjenning.
Lite eting.




Mindre roting,
men kveitemjøl havna i ansiktet uansett.
Korleis går det seg til??




Eg halverte deiga.
Orka ikkje så mykje.
Dei er ikkje storetarar heller,
men om nokre år blir det nok andre bollar.




Desse kjekke boksane kjøpte eg på Clas Ohlson.
Eg likar både fargane og trykka.


Desember er snart halvvegs.
Før vi veit ordet av det er vi 2012!

Kva har du i boks?

-Hanne-


søndag 6. mars 2011

Mørketid vs lysetid!

Vi har alle venta på lysare dagar.
Og det er så godt!
Kvar einaste dag kjenner eg at sola er her lenger.
Men...
Lyset er òg ein avslørar!
Det avslørar at vi ikkje har hatt sol på eigedomen sidan oktober.
Det avslørar at vi har ei tulle på 11 månadar som likar å ete skive sjølv og spytte graut og middag.
Det avslørar at vi har ein på nesten 3 år som likar å smøre skiva si sjølv
og hjelpe til å både bake og lage middag.
Det avslørar at vi har mange små avtrykk av hender på kvite dører og lister.
Det avslørar at vi har to kattar, der den eine skvett "skålene" mellom, når han et eller drikk, av han på 3 som likar å hoppe frå sofaen.

I dag har eg tørka vekk noko av det lyset har avslørt...men berre litt.

Bord- og stolbeina fekk seg ein omgong med tvoga.
Og listene rundt kattematplassen.


No skin bordbeina! Enn så lenge...



Det er blitt lysare, men greinene har fortsatt ingen knoppar.
Stickers med orda: Angels are welcome here



Gamlesenga til far min, som no er gjort om til benk med tavle på eine sida.
I dag kjende eg at desse orda måtte opp,
så kanskje det blir sjølvoppfyllande!
♥
Sometimes I surprise myself by being pretty damn FANTASTIC!



Ein liten klagsong til slutt:
JA!!! Eg treng verkeleg ny sofa.
Orkar ikkje å skjenne på kattane når dei kosar seg heller,
resultatet ser du her.

Uff!!

Håper du kosar deg med lyset!!
Kanskje du òg har funne ut nokre skitne avsløringar?

♥LYS!

Ha ein fin søndag.
No skal eg kose meg med ein kopp te.

Så vil eg seie velkomen til to nye fyljarar, eg blei så glad!

♥klem♥

fredag 4. mars 2011

Kjøkkenutfordring hjå NIB

Det er vel berre å hive seg med utfordringa hjå NIB denne månaden:
kjøken!
Vi kjøpte barndomsheimen til husbonden i 2008, og kjøkenet var eit av roma som verkeleg trengde ei oppussing. Vi reiv veggar og ville ha det lyst og mest mogleg praktisk.



Praktisk i mitt hovud er å velje fargar og tekstur som gjer at
småtrolla kan vere seg sjølve og skiten blir godt kamuflert *ler*

Difor fall valet av kjøkkeninnredningfargen på ein lys grå.
Dette kamuflerar det meste heilt til du blir nærgåande!



Eg er ganske glømsk og skulle ønske eg var meir strukturert.
Difor har denne tavla, som heng ved siden av kjøleskapet, redda meg når det gjeld handling!
Når noko er tomt eller manglar, skriv vi det opp.
Alltid tilgjengeleg!



Eg likar boksar til ulike ting; te, morsmelkerstatning, o'boy...
Denne inneheld te. Kjøpt i Istanbul ♥



Denne gamle kassa er god til samlar på kjøkenbenken til diverse olje o.l.



Dei fleste fargane i huset vårt går i nøytrale og naturfargar,
men så likar eg fargeklattar.
Som magnetbokstavar på kjøleskapet.



Vi er nøgd med løysinga vi har.
Klart eg drøymer om mykje flott!
Øy og bar er to av tinga,
men slik kvardagen er no,
passar det vi har perfekt.

Vi kan lage middag medan småtrolla leikar på stovegolvet.
Dei ser oss og vi ser dei.
Alle tek då livet med ro!



Når vi snur oss frå kjøkkenbenken er det denne utsikta vi har!
No er det trist ute, men til våren og sommaren, har vi sola innover kjøkkenet til 22-23 *drøymer meg vekk*
Prøv å sjå vekk ifrå den store, svarte firekanten til høgre ;)



Dette er mitt bidrag til utfordringa denne månaden.
Lukke til alle saman!

Ha ei fin helg

♥klem♥

torsdag 2. september 2010

Før & no

Vi tok over huset akkurat den helga Ingemann blei fødd.
Så då tok oppussinga til då han var baby.

Tenkte eg skulle vise nokre bilete frå korleis kjøkkenet såg ut før og slik det er no.


Før vegge kom ned



Etter veggen kom ned, såg vi det flotte blå kjøkkenet frå stua ;)
Etter mykje arbeid vart utsikta slik!





Dette var senga som pappaen min sov i då han var liten. No har eg gjort den om til ein liten benk som vi kan sitje å kvile på. Inge likar å leike på den :)

Kjekt å ha!

No skal eg trene!
Ha ein flott kveld vidare i sola :)

Related Posts with Thumbnails