fredag 4. mars 2011

Kjøkkenutfordring hjå NIB

Det er vel berre å hive seg med utfordringa hjå NIB denne månaden:
kjøken!
Vi kjøpte barndomsheimen til husbonden i 2008, og kjøkenet var eit av roma som verkeleg trengde ei oppussing. Vi reiv veggar og ville ha det lyst og mest mogleg praktisk.



Praktisk i mitt hovud er å velje fargar og tekstur som gjer at
småtrolla kan vere seg sjølve og skiten blir godt kamuflert *ler*

Difor fall valet av kjøkkeninnredningfargen på ein lys grå.
Dette kamuflerar det meste heilt til du blir nærgåande!



Eg er ganske glømsk og skulle ønske eg var meir strukturert.
Difor har denne tavla, som heng ved siden av kjøleskapet, redda meg når det gjeld handling!
Når noko er tomt eller manglar, skriv vi det opp.
Alltid tilgjengeleg!



Eg likar boksar til ulike ting; te, morsmelkerstatning, o'boy...
Denne inneheld te. Kjøpt i Istanbul ♥



Denne gamle kassa er god til samlar på kjøkenbenken til diverse olje o.l.



Dei fleste fargane i huset vårt går i nøytrale og naturfargar,
men så likar eg fargeklattar.
Som magnetbokstavar på kjøleskapet.



Vi er nøgd med løysinga vi har.
Klart eg drøymer om mykje flott!
Øy og bar er to av tinga,
men slik kvardagen er no,
passar det vi har perfekt.

Vi kan lage middag medan småtrolla leikar på stovegolvet.
Dei ser oss og vi ser dei.
Alle tek då livet med ro!



Når vi snur oss frå kjøkkenbenken er det denne utsikta vi har!
No er det trist ute, men til våren og sommaren, har vi sola innover kjøkkenet til 22-23 *drøymer meg vekk*
Prøv å sjå vekk ifrå den store, svarte firekanten til høgre ;)



Dette er mitt bidrag til utfordringa denne månaden.
Lukke til alle saman!

Ha ei fin helg

♥klem♥

3 kommentarer:

  1. Koselig kjøkken! Og nydelig kjøkkenbordplate!!!
    Lykke til!

    SvarSlett
  2. Hei på deg!

    Fint kjøkken du har :)
    Lykke til,
    Klem Jatte♥

    PS: Legger meg til som følger så finner jg deg igjen!!

    SvarSlett
  3. Hei! Så flott kjøkken, og lekre detaljar! Elska den mintgrøne hylla di under tavla! :) Fann deg hos Hasigamas mamma, og såg at du skreiv på nynorsk... Då måtte eg innom :) Legg meg til som fylgjar, og kjem nok innom igjen!

    Klem frå
    Elin :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails