Viser innlegg med etiketten Kvardag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardag. Vis alle innlegg

søndag 12. februar 2012

Titt, titt!

Vi er her altså.
Berre litt labert dei siste månadane.
Litt labert?
*ler* Har berre ikkje tenkt på å blogge ein gong,
men i dag fekk eg lyst.




Kanskje fordi det er morsdag?




I dag har småtroll 1 øvd.




Øvd på å byggje.
Det er det han kallar det sjølv.




Han måtte sjølvsagt øve då småtroll 2 sov i vogna si.




Øvd på å byggje tårn.
Dei fekk stå åleine.
Han fekk rive dei sjølv.
...småtroll 2 hadde sikkert elska å rive dei...




Der ser du meg.
På kortet.
Godt å ha dei geometriske formene :)

Håper du har hatt ein fin morsdag!

-Hanne-


tysdag 29. november 2011

Eg vil spy av papir!

Det er snart desember.
Månaden i seg sjølv gjer meg ikkje lei.
Eg er ikkje så veldig lei meg for at snøen ikkje er komen.
Eg er ikkje stressa over julegåver.
Eg er ikkje stressa over adventskalendaren,
som ikkje er i nærleiken av å bli ferdig.
Men eg vil spy av papir.



Eg har ei kjensle av at haugen på arbeidsplassen min ser slik ut snart.
Og tentamensrettinga er i gong.
Engelsk og norsk.
Hovudmål og sidemål.





Elevane ville sikkert helst gjere dette med papira.




Eg vil vel helst sitje slik...




Lese nokre av desse, med fleire...



Og alle ser fram til papir som skal rivast av gåvene.
Papir,
til å spy av.
Papir,
til å glede seg over.

Men vi må hugse på ein ting.
Resirkulere det papiret vi kan!
For papir veks tross alt ikkje på tre! ;)

God tysdag!!

-Hanne-




torsdag 17. november 2011

Torsdags kveld kjennest som helg!

Det er torsdags kveld.




Vi er alle slitne.
Småtroll 2 sovna i senga si 18:10.




 Småtroll 1 sovna på sofaen 18:30.




No er det stilt i huset.
Heilt stille.
Ikkje TV.
Ikkje radio.




Det kjennest ut som helg.




Eg veit det er arbeidsdag i morgon.
Eg veit det.



Men det kjennest som helga har starta.




Det er ei hærleg kjensle.




Min favorittdag er igrunnen fredag,
men denne torsdagen er eg i tvil.




Kva er din favorittdag?
Korleis har du det denne torsdagen?


No skal eg nyte resten av kvelden.
Dagane går i eitt,
det er godt å få tid å summe seg på kvelden.

Som Christine (MøbelPøbel) sa i dag på bloggen sin: Hugs å puste!

God kveld!!

Klem Hanne


fredag 21. oktober 2011

Leikeland...

...det er planleggingsdag i barnehagen.
Vi tek turen til leikeland i Ålesund.




Vi må berre kome oss avgårde!

Kva planar har du for fredagen?

Hanne


laurdag 10. september 2011

Prinsessa...

...på erta?




På veggen er slottet i det fjerne...




På nattbordet står tiaraen...




Rundt halsen heng juvelane....




Men prinsessa på erta?
Kanskje det,
men ho hadde ikkje merka erta i alle tilfelle.




Ja, ho er mitt minste småtroll ♥
Rufsetufsa mi!




Prinsessa på erta?

Kanskje det...

Seier velkomen til nye lesarar!
Gledar hjartet mitt!

God laurdagskveld til deg!

♥klem Hanne♥





onsdag 31. august 2011

Mamma vs. pappa!

På folkemunne går det som mammadalt og pappadalt.
Eg seier det sjølv,
men eg likar igrunnen ikkje orda.

Det er lov å foretrekke den eine over den andre,
utan at det er feil.
Vi kan ikkje bestemme at dei små skal like alle eller begge like mykje.
Men det kan såre når du er den som ikkje blir foretrukke.

Småtroll 1 foretrekk pappa.
Det sårar meg...av og til...medan andre tider er det avslappande.
Pappaen synest ofte synd på meg,
men andre tider synest han det er travelt, og synest då ikkje synd på meg.



Gjett om han skal verte akkurat som pappa når han blir mann;
"Når eg blir mann heiter eg Gard"

Pappaen er på kurs i nokre dagar.
Nesten krise når småtroll 1 skulle leggast.
Det er jammen ikkje lett å skilje mellom kjenslene i ein alder av 3 år.
Det var mykje overtaling og snakking for å distrahere denne kvelden.

Samtalen etter han var klar til senga gjekk nesten som dette her:

"Pappa skal legge meg"

"Pappa er ikkje heime, men han kjem om nokre dagar og då kan han legge deg"

"Du får ikkje vere med. Du får ikkje lov! Eg er sint på pappa. Eg har au i magen. Eg er sjuk i magen."

"Det er lov å vere lei seg og grine, men du treng ikkje å verte sint. Eg kan trøste deg og veit du? Vi kan leite fram eit bilete av deg og pappa som du kan ta med i senga."

" NEI!"

" Her skal eg sjå kva eg finn"

Mykje fliring og snakking om rare bilete, heilt til vi finn det rette...eller dei to rette.
Bileta vart kasta to gongar på golvet, men etter han låg i senga med bileta ved siden av seg, vart eg kasta ut av rommet med ein gong.

"Eg elskar deg, storegullet mitt, og sov godt"
"NEI!"

*sukk*

Han sovna på eit blunk.
Eg hørte ikkje eit ord etter at eg gjekk.

Pappa kjem snart heim.
Vi gler oss alle til det.
Vi elskar deg!

Foretrekk dine småtroll mamma eller pappa?

♥klem Hanne♥


fredag 5. august 2011

Tusen takk ♥

Tusen takk alle saman!
Eg har fått mange kjekke og oppmuntrande kommentarar på sist innlegg.
Både her på bloggen og på facebook.
Eg er veldig glad inni meg no ♥

For å vere heilt klar:
Eg var ikkje lei meg fordi "dei store" bloggarane ikkje har snusa fram min blogg.
Eg lurte berre på om nokon hadde glede av den i det heile?
Andre enn meg ;)
Det viser det seg at det er!!
Då får eg ny giv til å blogge vidare.
Det var alt.
Takk alle saman!
Eg var glad for kvar og ein kommentar!


I dag fekk vi pakkar.


Ikkje mindre enn to!
Ein frå panduro og ein frå H&M.
Småtrolla var like glad som meg.



Dei ruska ut og storkosa seg.



No har eg fleire gåveband,
 som blir kjekke å ha saman med gråpapir.



Fleire lappar òg.
Eg gler meg til å pakke noko!!
Eg har pakka ein pakke i dag,
men det var retur til H&M ;)
Driv ikkje å pyntar den.

Eg elskar H&M.
Både småtrolla og eg har komplett haustgarderobe no.



Så har eg hatt koseleg besøk i dag.
Ein kollega kom innom for kaffi.
Medan vi sat ute kom ei stor fluge og landa rett i kaffien.
Vi flira bra godt!
Sjå kor flott ho landa i skummet.

Håper du får ei fin helg.
Så får vi krysse fingrane for at varmen vi har hatt siste veka skal halde seg lenger.

Og atter ein gong:
Takk for all oppmoding og gode ord!


♥klem Hanne♥



måndag 6. juni 2011

Om berre ting vart som det sku'

No har eg hatt ei litt ufrivillig bloggrunde.
Ikkje at det ikkje er kjekt med bloggrunder,
men eg sit i treningskle og ventar.
Småtroll 2 har sove i nesten ein time.
Eg hadde håpa at trollmannen skulle kome heim til å legge småtroll 1.
Det er det eg ventar på.
At trollmannen skal kome frå jobb.
Men slik er det med 24-timersvakter.
NAFvakt.
Folk flest har problem med å få start på bilen når dei skal heim frå jobb.

*huff*

No er eg lei.
Har ikkje lyst på trening heller.
Ikkje det at eg hadde lyst i utgangspunktet,
men motivert nok til å få på meg kleda.
No er her null motivasjon.
Småtroll 1 kosar seg i badekaret
Eg høyrer han.
Leikar som berre det.
Han håper sikkert at eg ikkje skal kome å seie at no er badetida over.

Men snart må eg det.
Då har sikkert ikkje trollmannen kome frå utrykning.
Men han kjem sikkert.
Då er det ikkje sikkert eg køyrer for å trene.

Kanskje?

Litt syting må til!
Takk for at du las min klagesong ;)



Medan biletet lasta seg opp var småtroll 1 ferdig å bade.
Eg møtte eit søkk igjennomvått bad.
Vatn overalt.
Ein gut som var overtrøtt.
Men no er han òg i seng.
Det er vel ikkje lenge før eg er der sjølv.

♥klem Hanne♥

søndag 5. juni 2011

Fyrste sommarhelga over

Då er fyrste sommarhelga over.
Vi har kosa oss med jordbær og sol.
Ikkje så mykje varme, men sol!



Leika oss.
Putte opp i.
Riste ut av.
Omatt og omatt.


Like kjekt.




Ludvik er like kul.
Ser konstant manipulert ut.
Stakars pus.
Du får nok vinterpelsen tilbake!




Ha ei fin veke!

♥klem Hanne♥

søndag 9. januar 2011

Min fyrste give away! Personlig almanakk

Eg har snusa på denne nettsida i lengre tid,
men ikkje bestilt noko før no.
Og eg er SÅ nøgd!

Her ser du framsida på min.



Du kan skreddarsy almanakken til ditt bruk;
trening, mål, idear, fargesider, namnedagar,
linjer, ruter, blankt, elevsider, jobb, fritid..you name it!


Framsida er også etter ynskje.
Dersom du vil kan du ha inn bilete du har teke sjølv ♥
 



Nettstaden er svensk, men du vel norsk skrift i almanakken.
Eg kjenner eg gler meg kvar gong eg skal notere i han ♥ *ler*

Sjekk ut nettstaden her

Dersom du kan tenkje deg ein,
har du ein sjans å vinne gåvekort på valfri størrelse almanakk her og no!
Alt du treng å gjere er å skrive ein kommentar til innlegget mitt
og du er med i trekkinga.

1 lodd - kommentar
2 lodd - kommentar + du legg deg som fyljar til bloggen min

Hugs å legg ved mailadressa di slik at du kan få gåvekortet!

Du kan vere med til og med fredag 14.januar.
Trekninga skjer i helga og vinnaren blir annonsert på bloggen!

Lukke til!!

♥klem♥

NB. Det fyrste biletet i bloggen har eg teke sjølv, men dei tre siste er frå nettstaden deira, med løyve!




søndag 2. januar 2011

2011 og kvardag

Berre innom for å ynskje alle eit godt nytt år.
I morgon byrjar kvardagen att, og eg skal tilbake på jobb ♥

Jippi!!!
Vi har kosa oss mykje i jula,
men no er både eg klar for jobb,
småtroll 1 er klar for barnehagen,
og trollmannen og småtroll 2 er klar for at vi skal gå ut døre på morgonen.

Kvardagar har vi mest av.
Kvardagar blir vi leidast av.
Men kvardagane lengtar vi etter når ferien er blitt lang.



Småtroll 2 har fått seg princesstiara ♥



Småtroll 1 storkosa seg nyttårsaften,
litt brannsår her og der, men berre i overflata ♥



Jula er ute av stua og januar er velkomen!
"No går vi mot sommaren", sa eg då eg tok ned juletreet.
Då lo trollmannen godt og sa det passa bra at eg sa det akkurat då den
verste haglbyga stod på!

Men vi går mot sommaren.
Sjølvom der er att to vintermånadar,
og våren ;)



Den søtaste ♥konkylien som småtroll 2 fekk i gåve av Sofie.
Ei potte som ventar på ei flott plante,
snart må eg vel på gartneriet ein tur.

Håper du er klar for arbeid,
det er eg!!


Og hugs;

No går vi mot sommaren!!

♥klem♥

fredag 10. desember 2010

Fredag

Vil berre ynskje ein fin fredag til alle,
og dele litt av veka med deg.

Måndag fekk eg nokre skrapelodd av husbonden, det eine av dei var ein adventskalendar.



Eg skrapar ei luke kvar dag, slik som ein skal.
Husbonden var nær sjokktilsand då han forstod at eg ikkje skulle skrape alle i ein gong ♥
Ein må leve i spenning! *ler*



Småtroll 2 har vorte 8 mnd og hanekammen lever i beste velgåande ♥

God helg ♥

♥klem♥


tysdag 7. desember 2010

Siste vekene heime

Det er no ein dag mindre enn fire veker til eg skal på jobb.
Eg gler meg!
Men det gjer også at eg ny litt meir å vere heime å kose saman med småtroll 2 ♥
Eg må innrømme eg er lei å gå heime.
Ikkje lei av å vere heime med småtrollet,
men lei av å gå heime.
Det er kjekt å jobbe.
Det er kjekt å glede seg til å kome heim.
Men eg har trengt tida.

Det har vore eit fysisk tungt år 2010.
Januar starta med at eg måtte ikkje klarte å gå på jobb pga bekkenløysing.
Då låg eg heime, for eg klarte heller ikkje å site lenge om gongen.
Skulle eg ut av huset brude eg ta med meg krykkjene kvar gong,
men det gjekk ikkje dei gongane eg hadde med småtroll 1 ♥
Han ville gjerne gå som mamma til slutt *sukk*



Etter fødselen gjekk det framover.
Eg klarte å bere småtroll 2.
Eg klarte å gjere husarbeid.
Eg klarte å trene.
Det gjekk framover ♥
Så litt bakover, men framover att.

No ut i desember kjenner eg at eg er lei å vaske kle.



Lei å legge saman kle.



Men det er utruleg interessant å lese spesped!



Medan det også kan bli litt tungt og då blir notatane slik ♥
Har ikkje endra seg mykje frå vidaregåande gitt!



Eg har endeleg kjøpt album til småtroll 2!
Det har stått på lista mi sidan april *ler*

Sjølv om eg er lei alt dette,
så veit eg at alt må gjerast når eg jobbar òg.
Men når ein jobbar får ein ei annaleis kjensle av å vere gåen.
Den lengtar eg etter å syte av.
Nokon som forstår??

Men så har eg to yndige småtroll, som ofte gjer at eg blir sint og lei, men akk så søte og små!
I går var det julefest i barnehagen.
Tollmannen i huset kunne ikkje bli med,
så då var det eg og dei to små.
Vi hadde det så utruleg koseleg!
Dei som arbeidar i barnehagen er så kjekke!
Og dei andre foreldra er koselege å sitje å prate saman med.

 



Nissen kom og småtroll 1 hadde vrengt ansikt av skrekk *ler*
Heilt sant!
Men vi fekk to pakkar.
Og i dei pakkane var to vaskeklutar.
Ein til småtroll 1 og ein til småtroll 2.
Dette var nok til at småtroll 2 hadde the time of his life!
Og når vi kom heim og skulle gjere dei klar for natta var det jubel på badet då desse komprimerte figurane vart trylla om til vaskeklutar.
Til og med i dag tidleg kom han valsande inn på stua med desse to!
Det skal ikkje mykje til å glede dei små ♥

Eg elskar dei!





Småtroll 2 elskar forkleet sitt og vaskar gjerne benken i 10 minutt!



Småtroll 2 elskar å studere og studerar gjerne i 5 minutt!



No skal eg nyte dei siste vekene mine heime.
Eg skal også få inn ei spesped oppgåve ;)

Håper du har hatt eit fantastisk år som har gått både opp og ned.

♥klem♥

Related Posts with Thumbnails