tysdag 29. november 2011

Eg vil spy av papir!

Det er snart desember.
Månaden i seg sjølv gjer meg ikkje lei.
Eg er ikkje så veldig lei meg for at snøen ikkje er komen.
Eg er ikkje stressa over julegåver.
Eg er ikkje stressa over adventskalendaren,
som ikkje er i nærleiken av å bli ferdig.
Men eg vil spy av papir.



Eg har ei kjensle av at haugen på arbeidsplassen min ser slik ut snart.
Og tentamensrettinga er i gong.
Engelsk og norsk.
Hovudmål og sidemål.





Elevane ville sikkert helst gjere dette med papira.




Eg vil vel helst sitje slik...




Lese nokre av desse, med fleire...



Og alle ser fram til papir som skal rivast av gåvene.
Papir,
til å spy av.
Papir,
til å glede seg over.

Men vi må hugse på ein ting.
Resirkulere det papiret vi kan!
For papir veks tross alt ikkje på tre! ;)

God tysdag!!

-Hanne-




4 kommentarer:

  1. Du veit å få sagt det, Hanne!;) Vi e fleire so spyr! Silje

    SvarSlett
  2. Offa då Hanne......ja, vil tru det er myyyykje papirarbeid i desse dagar!!!! Må berre ønske deg lykke til:)Håper du slepp å spy sånn på rett;)

    Eit herleg innlegg.Å lese iallefall:)
    Du skriv so godt!!!

    God trøysteklem frå Mette.

    SvarSlett
  3. Hehehe...morsomt innlegg!
    Håper du nærmer deg slutten!

    Klem fra Mrs. Monday

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails