torsdag 7. april 2011

Lågt blodsukker

Arbeidsdagen er over.
Både for dei små i barnehagen eller i skulen,
og dei vaksne på arbeidsplassen.
Vi kjem heim med lågt blodsukker,
og det er enno ei god stund til middag er ferdig.

Du har sikkert hørt dette tusen gongar før,
men her kjem det.
Skjer opp frukt og/eller grønsaker slik at både små og store,
som ikkje har meir tolmod,
kan få energi=kjærleik ved å få opp blodsukkeret.
I staden for at du surar og rører i pannene,
medan dei små grin og slåss rundt beina på deg.

Eg prøvar å få til dette,
men det blir ikkje kvar dag.
I to dagar har eg hatt barnehagetilpassing med småtroll 2.
Ho har hatt kortare dagar, noko som resulterte i at eg var heime litt tidlegare enn vanleg.
I dag har eg kutta opp eple og gulrot.
Eg tok tida,
det tok 2 min!!


Rosa skål til småtroll 1, alt skal vere rosa!!
Blå skål til småtroll 2, ho bryr deg ikkje om farge. Enn så lenge.



Ludvik har vorte kjend med seg sjølv på nytt,
og trivast med det.
Småtroll 2 synst fortsatt det er stas med den nye frisyra,
og er i nærleiken av han så ofte ho kan.



Over ser du "Da e Timmy tid!!"
Og småtroll 1 trur at Timmy heiter Timmy tid,
samme som han trur Mikke Mus heiter Mikke Mus klubbhus.
Nei, han ser ikkje TV. Neida.

Ha ein fin torsdag alle saman!

♥klem♥

1 kommentar:

  1. Ja, frukt er lurt. Eg brukar skive med smør og sirup til meg sjølv. Ikkje lurt men godt :)
    For tida slepp vi slikt styr, sidan eg har ein godt dressert mann heime på fritur som har middagen klar når vi kjem heim!
    Ha ei flott helg!

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails