måndag 5. september 2011

Siste strålar av kveldssol?



September har kome og hausten er offisielt i gong.
Desse bileta vart tekne siste sommardagen i år.




Du ser sola slikkar kjøkkenkroken.
Sikkert for siste gong i år!
Mot slutten av oktober får vi ikkje sol på tomta ein gong.
Den kjem att i løpet av februar.
Skal prøve å nyte kvart eit sekund av ho før ho forsvinn.




Her ser du utsikta frå stovevindauget.
Det har ikkje vore slik i helga.
Då har det regna trollkjerringar.
Men dette var 31.august!

*Sukk*

Har du sol i haus- og vintermånadane?

Ei fin veke til deg!

♥klem Hanne♥


1 kommentar:

  1. Så fint det er hos dere:) Den lampen har vi og, men nå er den på en lengre ferie i boden...Ingen steder å ha den. Sukk!

    Ha en fin høstkveld og nyt de siste solstrålende i september. Her hos oss regner det katter...

    Klem!

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails