Viser innlegg med etiketten Kle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kle. Vis alle innlegg

søndag 4. mars 2012

Bursdagshelg

Denne helga har vi vore i to selskap.
I dag var vi i 1-års bursdagsselskap til tantebarnet og nabojenta!!

Småtroll 2 hadde på seg ein kjole som ei venninne sydde til henne då ho var baby.
No sit han som støypt og fargane er berre fantastiske til henne!




Ho fekk låne gummistøvlar som eg hadde då eg var yngre :)
Så skulle ho absolutt ha på seg belte...jenter...

Våren har kome for fullt på Sunnmøre, og vi håpar han har kome for å bli!
Laukane som eg sådde i haust ser lyset.
No ventar vi på både påskeliljer, snøklokker og tulipanar.
Lyst, godt og flott!!

Kjenner du at våren er komen?

-Hanne-

NB. Biletet er frå mobilen. Kameraet treng nytt minnekort...


fredag 13. mai 2011

Klar til bryllaup ♥

I morgon ringer kyrkjebjellene for to ♥er som skal knyte bånd.
Eg er klar.
Eg håper dei òg er klar.
Mannen min er forlovar...eg veit ikkje om han er klar!

Gulrotmuffins er klar til å etast i morgon.
Smultring skal eg ha i håret.
Eg har prøvd det ut.
Kjøpte ein "doughnut" på glitter.
Den skal festest rundt hestehalen så skal du trekke håret over...utover.


Her ser du resultatet etter at eg har prøvd i ca 2 min i ein minispegel...slik i rougboksa!
Ser ok ut.
Må bli betre i morgon når eg får hjelp frå systra mi! JIPPI!

*legg merke til småtroll 2 nede til venstre hjørne. Ho kosa seg i kattamaten medan mor prøvde å ta bilete av hårsmultringen*



"MMMMMMmmmmmmm nam nam"
Seier ho.
"Ææææææææææææææsj, pus sin mat"
Seier eg.



Kjolen, mørk druelilla.
To alternativ til smykker.



Knalltøff ny veske!!



Glova flyt.



Småtroll 2 klar til senga, og no ville pus smake hennar mat!
Ludvik gjer ei god pute,
sjølv som barbert!

Eg skal kose meg i bryllaup i helga.
Kva planar har du?

♥klem Hanne♥

laurdag 21. august 2010

Ein koseleg, men vindfull dag


Det var ein flott dag i Gjerdsvika.
Litt sol, litt skyer, litt regn, men MYKJE vind.
Tross dette var det folk- og morosamt!

Resirkuline var på plass! Både sydde og selde.
Det var utan tvil den koslegaste standen!



Her ser du to kjolar, ein til barn og ein til vaksen.
Kjolane til vaksne er så flotte!! Eg vil tru dei passar til nesten alle kroppar ;)
Og utruleg behagelege.
På biletet underst ser du standen til Resirkuline ;)
Hege har på seg ein samen kjole som heng i skapet, berre i andre fargar.
Biletet øvst er skapet. Legg merke til det søte hjartet som var der.
Eg la ikkje merke til det sjølv før eg måla innsida kvit! SUKK!



Uro med nydelege soppar!


   Søt kåpe til jente. Sjå tyllprinsessekanten ;)




Desse fantastiske glaskunstane står Caroline Kvalen for.
Nydelege detaljar på glas, superkoseleg!!


Sjå soppane!


Flotte vasar med hjarte og sommarfuglar.


Kvit bakalau med tomatsalsa NAM!

eller...


...pølse i brød ;)


Ein nøgd kunde!

Ha ein flott laurdagskveld!

onsdag 21. juli 2010

Enda ein dåp overstått!

Kva heiter barnet? Mali. Regn i brudesløret skal vist nok bety lukke? Kva med regn på dåpskjolen?
Nevøen min syns nok 1,5timar i kyrkja var vel lenge, men han laga tekning av prinsessa for dagen!


Etter kyrkja bytta ho kjole. Denne kjolen fekk ho i gåve av Hege, AKA Resirkuline då ho var fødd. Vi har spart den til dåpsdagen! Nydelig kjole!


M for Mali



Legg merke til ballerinatyllen på rompa! Den er utruleg mjuk og god, perfekt til ei lita tulle!
Litt gulp høyrer med når ein er 3 mnd, men like blid!



Related Posts with Thumbnails