Viser innlegg med etiketten bakverk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bakverk. Vis alle innlegg

tysdag 25. januar 2011

Bollar i omnen

Det er tysdag kveld. Begge småtrolla søv og eg heiv meg rundt å laga ei bolledeig. Ikkje det at eg har for vane å bake i vekedagane, men i går kveld hadde eg innmari lyst på bollar og hadde berre nokre aniskringlerestar (kallar det restar når det er slike småsmular småtroll 1 har baka). Når småtroll 2 sov og småtroll 1 var kome i senga, var klokka 19:33. DÅ tenkte eg at eg rakk å hive saman deiga før One Tree Hill starta. Og det gjorde eg. No skal eg snart bake dei ut, slik dei kan heve seg medan eg ser TV. Då får eg ferske bollar til Greys...JIPPI!! Eg er glad eg ikkje tenkte meg meir om enn eg gjorde tidlegare. Hadde eg tenkt to sekund vidare hadde eg havna på sofaen, utan bolledeig!




♥kveldsro♥


Planta si framtid ser ikkje lys ut, men den får litt meir tid.

God kveld!

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails