Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg

måndag 7. november 2011

NIB si utfordring - soverom

Slenger med eit bilete i utfordringa denne månaden.



Rolege fargar. Beige og gamalrosa...med litt raudt her og der.




Lackhylle frå ikea til nattbord, perfekt!




Eg elskar sminkebordet mitt.
Der oppbevarar eg alt frå bunadssølv til pyntesko.




Fantastisk inspirasjon til soverommet finn du her.

Klem Hanne



tysdag 4. oktober 2011

NIB si utfordring - På tapeten

Dette er mitt bidrag til NIB si utfordring denne månaden.




Det er einaste veggen i huset vi har tapet med mønster.



På veggen har eg to store bilete av småtrolla.
Begge tekne den sommaren dei var 1 år.




Eg elska bileta.
Stemningsfulle og fanga småtrolla akkurat slik dei er.
Småtroll 1 som er hjelpsam og nyskjerrig.
Småtroll 2 som er nyskjerring og alltid noko lurt som ho skal gjere ;)




Eg elskar tapeten.
Den minner meg om tapeten på soverommet til besteforeldra mine.
Den var ulik denne.
Små blomar.
Men den gir meg same kjensla.
Samtidig glir han rett inn i stua.

Sjå fleire bidrag her.

Klem Hanne

NB. Er det fleire som har problem med å legge att kommentarar hjå andre? Eg har kava med det dei siste dagane.



tysdag 6. september 2011

NIB si utfordring - Haustkjensle

Haustkjensle...den har i grunnen vore her i sommar,
men no har vi mellom 13-19 varmegrader!
Men ja, haustkjensle:
Når eg ser at stearinlysa lyser!

Det har vorte litt mørkare.



Det blir litt kjekkare å tende dei då.




Litt meir kos.




Vi har starta med litt hostesaft...




Og regner har hølja ned...ikkje berre tiltenkt hausten, men akk ja.




Heilt ærleg har den koslege haustkjensla berre kome inne.
Ute er det eit helleras!!
Eg brukar å lage til ute i haustferien.
Nokre veker til enno.
Derfor har vi visne blomar, våte utemøblar og grillen står fortsatt ute (men under tak!).
Ikkje særleg herleg, men sanninga.

Dette var mitt bidrag til NIB denne månaden.
Dersom du var i tvil, var det stearinlys-lyset i mørket som vekkar haustkjensla mi.
Litt alt det andre rusket òg ;)
Resten kan du sjå her.
Mitt er berre ein dråpe i havet.

God kveld til deg!!!

♥klem Hanne♥



fredag 3. juni 2011

NIB si utfordring - uterom

Vi har arbeida i to somrar med vårt uterom,
men kan fortsatt ikkje seie at vi er nær ferdige.

Ein ting vi har er stor boltreplass!!
Perfekt med småtroll i hus



I aktivitet...


...til avslapping og k♥s!



Sjå alle dei flotte uteroma på NIB si side.

God helg alle saman!

La oss håpe på varme og sol!

♥klem Hanne♥


onsdag 4. mai 2011

Nib si utfordring - Festbord

Eg hiv meg på NIB si utfordring i mai.
Temaet er festbord.

Biletet er frå barnedåpen til småtroll 2.
Vi hadde festen heime og då må det meste av stolar kome fram.
Ei god blanding blir det då.



Kvelden før.
Fredeleg og stille.
Fint og pynta.
Klar til dyst.

Lukke til alle saman!

Du finn resten av deltakarane her.

♥klem Hanne ♥

fredag 4. mars 2011

Kjøkkenutfordring hjå NIB

Det er vel berre å hive seg med utfordringa hjå NIB denne månaden:
kjøken!
Vi kjøpte barndomsheimen til husbonden i 2008, og kjøkenet var eit av roma som verkeleg trengde ei oppussing. Vi reiv veggar og ville ha det lyst og mest mogleg praktisk.



Praktisk i mitt hovud er å velje fargar og tekstur som gjer at
småtrolla kan vere seg sjølve og skiten blir godt kamuflert *ler*

Difor fall valet av kjøkkeninnredningfargen på ein lys grå.
Dette kamuflerar det meste heilt til du blir nærgåande!



Eg er ganske glømsk og skulle ønske eg var meir strukturert.
Difor har denne tavla, som heng ved siden av kjøleskapet, redda meg når det gjeld handling!
Når noko er tomt eller manglar, skriv vi det opp.
Alltid tilgjengeleg!



Eg likar boksar til ulike ting; te, morsmelkerstatning, o'boy...
Denne inneheld te. Kjøpt i Istanbul ♥



Denne gamle kassa er god til samlar på kjøkenbenken til diverse olje o.l.



Dei fleste fargane i huset vårt går i nøytrale og naturfargar,
men så likar eg fargeklattar.
Som magnetbokstavar på kjøleskapet.



Vi er nøgd med løysinga vi har.
Klart eg drøymer om mykje flott!
Øy og bar er to av tinga,
men slik kvardagen er no,
passar det vi har perfekt.

Vi kan lage middag medan småtrolla leikar på stovegolvet.
Dei ser oss og vi ser dei.
Alle tek då livet med ro!



Når vi snur oss frå kjøkkenbenken er det denne utsikta vi har!
No er det trist ute, men til våren og sommaren, har vi sola innover kjøkkenet til 22-23 *drøymer meg vekk*
Prøv å sjå vekk ifrå den store, svarte firekanten til høgre ;)



Dette er mitt bidrag til utfordringa denne månaden.
Lukke til alle saman!

Ha ei fin helg

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails