Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomar. Vis alle innlegg

søndag 12. februar 2012

Titt, titt!

Vi er her altså.
Berre litt labert dei siste månadane.
Litt labert?
*ler* Har berre ikkje tenkt på å blogge ein gong,
men i dag fekk eg lyst.




Kanskje fordi det er morsdag?




I dag har småtroll 1 øvd.




Øvd på å byggje.
Det er det han kallar det sjølv.




Han måtte sjølvsagt øve då småtroll 2 sov i vogna si.




Øvd på å byggje tårn.
Dei fekk stå åleine.
Han fekk rive dei sjølv.
...småtroll 2 hadde sikkert elska å rive dei...




Der ser du meg.
På kortet.
Godt å ha dei geometriske formene :)

Håper du har hatt ein fin morsdag!

-Hanne-


fredag 18. november 2011

Helg og gjenbruk av blomar

No er det ikkje berre helgakjensle på ein torsdag.
No er det helg!




Nokre bilete frå spiseplassen vår.




Når blomsterbukettane ikkje ser så bra ut, etter ei veke eller to,
likar eg å dele dei opp.
Her ser du ein del av ein bukett eg fekk til 30-årsdagen min.




Skåpet over bordet laga mannen min då han gjekk møbelsnikkar fyrste året på vidaregåande.
Eg måla det då vi pussa opp for over 3 år sidan.
Her har vi alt frå perler til eggeglas.




Under skåpet har vi bilete av småtrolla og oss større troll.
Ved siden av har vi ei klype der vi byttar på kva som skal henge der.
Akkurat no heng gåva frå forlovaren min som vi fekk på 3-års bryllaupsdagen vår.
Lærbryllaupsdag = lærhjarte
I fjor fekk eg (les:vi) bomullshjarte og fyrste året eit papirhjarte.
Eg gler meg til diamantbryllaupsdagen! ;)
Men seriøst...dei kjekkaste gratulasjonane!




Levande lys.





Gjenbruk av blomar.




Og ein liten på stova.
Hjarteforma.

Fredag.
Jo, det er min favorittdag!

- Hanne -




torsdag 2. juni 2011

Levande lys & blomar

Eit biledras frå meg.
I kveld måtte eg berre tende lys,
sjølv om det er lyst ;)





















No luktar det syrin i stua.
Eg skal sjå frustrerte fruer frå tysdag.
Eg ♥ Canal+ sin HDopptakar!!!

Ha ein fin kveld alle saman!

♥klem Hanne♥

laurdag 23. april 2011

Sommarstemning!

Dette har vi venta lenge på!
Sol og varme.

I dag har vi hatt 20 grader og sol på Sunnmøre.
Heilt fantastisk.
Eg har laga klart til sommaren ute.
Heile familien har kosa oss.


Frukost ute.
Lurer på når sauane kan få litt skive.



Frukostkroken.
Klokka 20:00, lange skuggar, men fortsatt sol ♥



Lykter i bjørka.
Desse skal få lys når sola har gått ned i kveld.
Gler meg til å sjå!



Oliventreet mitt har fått større potte.
No kan det berre kome for fullt!
Som du ser er ikkje rekkverket ferdig enno,
denne altanen er eit evighetsprosjekt.
I sommar SKAL den bli ferdig,
både bygd og måla.



Ein blome her...



Stolane til dei minste.



...ein blome der.



Og litt fleire her...



...og der!

Håper du har hatt ein fin vårdag og ikkje minst ei fin påske!
Vi håper på fleire slike dagar.

No står pizzaen i ovnen.

Ha ein fin kveld!

♥klem Hanne♥

laurdag 9. april 2011

M!

I dag har eg kjøpt ein M.
Denne har eg venta lenge på å få kjøpe.
Eg er nøgd!



M er fyrste bokstav i namnet til småtroll 2



M er ein filmsjokolade.
Vi mimrar:
"Let's go, before so*ething *isterious happens to *e too"



Mmmmm



Ein liten og søt liljekonvall.



No er desse tunge i magen.
Innebakt scampi.

Mmmmmm.

Har du skaffa deg noko nytt som du gledar deg over?

Ha ein fin laurdagskveld.

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails