Viser innlegg med etiketten planter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten planter. Vis alle innlegg

laurdag 26. februar 2011

VÅR!

Tysdag er det fyrste vårdagen i året!
Det skal bli godt når trea får knoppar.


Denne helga har eg fjerna gardinene i stova.
Eg tenkte at mine, som er så lette og lyse, ikkje har stole mykje lys.
Men der tok eg feil gitt!
Stova og kjøkkenet lyste opp då dei kom ned.
Det var ei hærleg kjensle!

Ikkje så lett å fange på bilete.




Og det var lys


Litt ommøblering i vindauget gjer godt ;)



To små planter som har overlevd ei mamma som har starta å arbeide = ingen vatning!
Men desse klarte seg

Håper du får ein fin vinterferie!
Vi skal kose oss på hytta.

♥klem♥

laurdag 15. januar 2011

Ein tur på gartneriet!

hDå ruska eg meg endeleg på Kvalsund gartneri for å finne flotte planter,
med god kvalitet. Det siste er nødvendig for meg dersom dei skal leve ei stund ;)

Småtroll 1 fekk vere med.
Han oppdaga kaktus for fyrste gong!
Det var jammen spanande!

Eg fann litt andre ting spanande ♥


Ein ny orkidè.


Hjarteplante (som eg aldri hugsar namnet på) står saman med hjartekonkylien.


Eit minitre til kjøkkenbordet.


Ein lilla sjarmør til salongbordet,



liten, lilla sjarmør...


Dette er knoppar på ein orkidè eg fekk i fjor haust.
Det er fortsatt liv i han.
Eg hadde nesten gitt opp orkidèar,
heilt til systra mi gav meg hennar tips:



Rens røtene for bark og mold,
lat dei stå i vatn, men av og til let du dei tørke litt ut.
Det funkar som berre det!
Ikkje gi opp før du har prøvd det!



Ellers er Ludvik i full sving med helgavasken ;)

Eg og småtroll 1 skal til å lage tacosuppe, frå botnen av.
*namnam*
Seinare skal eg på spelekveld til ei venninne.


Takk for alle gode ord som blir lagt igjen hjå meg!
Eg blir så glad!!
Har også fått ein del nye fyljarar, velkomne!
Det er kjekt å forstå at folk synest det er greit å lese her inne ♥

Takk alle saman!

Og god laurdagskveld til alle!

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails