Denne helga har vi vore på hytta.
Ikkje vår si,
men min mamma og pappa si hytte.
Når vi er der slappar vi av.
Eg meiner: Vi SLAPPAR av.
Ikkje noko som burde gjerast.
(Du veit, til helga kanskje??)
Husbonden og småtroll 1 var i draumeverda...kunne like så godt vore heime,
for draumeverda er ofte i Iphonen...kva kan eg gjere?
Dei kosa seg i alle fall...
Vi samla konglar og mose!
Samla...
..og spreia.
Men klarte fort å samle det att ;)
Skal sjå om eg får brukt mosen til noko kjekt.
Har du nokre idear?
Vi har i alle fall kosa oss og lada batteria.
Det gjer vi ofte på hytta.
Et mykje gjer vi òg ;)
Korleis lada du batteria?
Skikkeleg...fullada...?
Hei til nye lesarar som er innom bloggen min ;)
Så kjekt å sjå nye som kommentarar òg! Blir glad for kvar ein einaste kommentar!
God farsdag til alle flotte pappa'er rundt omkring!
Klem Hanne