Viser innlegg med etiketten Smånips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Smånips. Vis alle innlegg

laurdag 26. november 2011

Unblogged

Mrs. Hardy har ei utfordring som gjeld
korleis huset/romma eigentleg ser ut når vi tek nærbilete av ulike nips,
 og hiv bileta ut på bloggen.


Då eg var i Volda på kurs ville vi damene innom Plantasjen.
Der kjøpte eg med ei søtt bonsaitre.




Den søtaste kronglete stamma.




På kjøkkenbordet med eit telys,
skapar god kveldsstemning.




Kom på å ta bileta då eg sat i stolen, du ser i bakgrunnen, og bretta kle.
Som du ser er bordet ein del smårusk som lommebøker, snus, post og teikningar.
Men det er ikkje noko problem å skjule det på bileta ;)




På biletet over har eg berre flytta teikningane.

Der fekk du sjå korleis det kan gjerast :)

Her i heimen held vi på å bake gjerbakst og pyntar litt til advent.
Korleis ser omgjevnadane ut når du tek bilete til bloggen?

-Hanne-


måndag 8. august 2011

Gnom på jobb?

Du veit alle desse maskinene du kan putte 1 Euro på og få ein ting du aldri brukar?
Dei som småtrolla elskar?
Dei var overalt på Kreta.
Vi fekk mykje som enda i bosset,
men denne gnomen fekk vere med meg heim!


Ikkje berre fordi eg elskar fargane på han,
men han viste seg å vere praktisk òg.



Ein blyantkvessar!
*JEJ* Han skal få bli med meg på jobb.
Og dit skal eg i dag.



I bakgrunnen ser du sminkebordet på soverommet mitt.
I gamalrosa



Håper du får ei fin veke.
Eg skal på jobb og gler meg til det!
Eg og gnomen.

tysdag 19. juli 2011

Borte bra, men heime best

To veker i Hellas gjorde sitt.
Det gjorde mor nøgd.
Stressar ikkje fordi det regnar heller.
Har hatt 14 dagar med sol og 30 grader.
Fantastisk for kropp og sjel,
men ja, klart det er litt stress med småtroll på 1 og 3!


No er vi heime og nyt det òg.


Utruleg herleg at vi gjorde unna Ikea-turen før vi reiste,
no nyt eg resultatet.



Var ein tur innom Kremmerhuset og der kjøpte eg dette skiltet.
No skal vi berre hente sofaen vår.
Det er prikken over i'en kan du seie.



Ved siden av skiltet heng to ståltrådar der vi heng alt borna lagar i barnehagen.
Der heng også bilete som er kjekke å sjå på med gode minne.
Over ser du passbilete frå bryllaupsreisa til meg og trollmannen.
Vi var i bryllaup, ja, eg ser det morosame i det, i Minneapolis.

Ser du floga i "munnen" min?
Eit teikn på sommar.

Kva er dine teikn på sommar?

♥klem Hanne♥

måndag 13. juni 2011

Bulka tak

Småtroll 1 hadde null interesse av planter og smånips.
Småtroll 2 derimot...elskar det!!
Det har enda med litt knusing her og litt bulking der.





Det minste huset ligg på golvet....



Det største huset er bulka på alle hjørne.
Flotte greier ;)


Håper du har hatt ei fin pinse.
På Sunnmøre har vi fått sett sol i dag!

♥klem Hanne♥

laurdag 9. april 2011

M!

I dag har eg kjøpt ein M.
Denne har eg venta lenge på å få kjøpe.
Eg er nøgd!



M er fyrste bokstav i namnet til småtroll 2



M er ein filmsjokolade.
Vi mimrar:
"Let's go, before so*ething *isterious happens to *e too"



Mmmmm



Ein liten og søt liljekonvall.



No er desse tunge i magen.
Innebakt scampi.

Mmmmmm.

Har du skaffa deg noko nytt som du gledar deg over?

Ha ein fin laurdagskveld.

♥klem♥

laurdag 26. februar 2011

Epletårn!

Dette biletet tikka inn på telefonen min i dag.
Eg syntes det var så søtt at eg spurte systra mi om løyve til å dele tipset!





Eit tips til godt pålegg: avokado og skinke!
Avokado har ikkje mykje smak og kan vere god erstatning for smør eller majones.
Småtrolla her i huset likar det godt!
Mykje godt feitt, og så skal ein visst få fin glans i håret ;)
Saman med eit glas o'boy.
Så må eg vise eit lite klipp av den klomsete meg:



Nyvaska golv og avokadoskal feil veg.
Typisk meg!



Eg må også meddele at eg har blitt tante!
Ei lita prinsesse
Denne hortensiaen var til dei nybakte foreldra.



♥bokstavar med eple til deg frå meg

Ha ein fin laurdagskveld!

♥klem♥

søndag 2. januar 2011

2011 og kvardag

Berre innom for å ynskje alle eit godt nytt år.
I morgon byrjar kvardagen att, og eg skal tilbake på jobb ♥

Jippi!!!
Vi har kosa oss mykje i jula,
men no er både eg klar for jobb,
småtroll 1 er klar for barnehagen,
og trollmannen og småtroll 2 er klar for at vi skal gå ut døre på morgonen.

Kvardagar har vi mest av.
Kvardagar blir vi leidast av.
Men kvardagane lengtar vi etter når ferien er blitt lang.



Småtroll 2 har fått seg princesstiara ♥



Småtroll 1 storkosa seg nyttårsaften,
litt brannsår her og der, men berre i overflata ♥



Jula er ute av stua og januar er velkomen!
"No går vi mot sommaren", sa eg då eg tok ned juletreet.
Då lo trollmannen godt og sa det passa bra at eg sa det akkurat då den
verste haglbyga stod på!

Men vi går mot sommaren.
Sjølvom der er att to vintermånadar,
og våren ;)



Den søtaste ♥konkylien som småtroll 2 fekk i gåve av Sofie.
Ei potte som ventar på ei flott plante,
snart må eg vel på gartneriet ein tur.

Håper du er klar for arbeid,
det er eg!!


Og hugs;

No går vi mot sommaren!!

♥klem♥

tysdag 16. november 2010

Ingen skikkeleg gang...

Då tyr ein til knaggar og knottar. Mellom to dører har eg beordra mannen i huset til å henge opp knottar. Kan sjølvsagt klare dette sjølv, men eg orka rett og slett ikkje. Så då sat eg og minstetrollet på ein stol og fortalde kvar knottane skulle vere. Han flira og humra medan han hang opp. Eg trur ikkje han forstod kvifor eg ikkje ville at alt skulle henge som asymmetri...det er ikkje alt ein kan forstå i denne verda! Men han fekk i alle fall hengt opp skyggelua si ;)


Då er det litt enklare å henge frå seg, for alle.


Hugsar du denne? Eg måla fyrste strøk for sikkert 2 mnd sidan, no er han ferdig. Desse kjøpte eg på Blomster og gåver i Fosnavåg i 2001, før eg flytta til Volda då eg skulle studere. Snart 10 å sidan gitt!



Resten av dagen skal nytast og med det; gjere minst mogleg!

♥klem♥


søndag 7. november 2010

Kjekt å verte eit år eldre!

Eg har verkeleg kosa meg denne veka, å bli 29 er slett ikkje verst!

I går hadde eg eit lite selskap der eg serverte berre søtt og godt
Håper alle hadde det kjekt. Malimor var så trøtt at ho sovna i armane mine då ho skulle rapast (les: rapast for 20. gong! Kunne høyrast ut som eg berre plukka ho opp så sovna ho søtt...det var ikkje slik;), å det har ho ikkje gjort sidan ho var nyfødd!




Her ser du ein liten del av det søte som blei servert, heimelaga sjokolademousse!



Mormor, ein sjølvskreven gjest



To hus til, no er det ei lysbygd og ikkje berre eit lyshus



Morgonte i min kopp



Morgonkaffe i Gardemann sin kopp



Malimor ville gjerne ha restar i dag

Takkar alle for flott lag og nydelege gåver!

Ha ein fin søndagskveld!

♥klem♥


onsdag 3. november 2010

Grått, vått og skikkeleg innevêr!

I dag har eg kosa meg med nokre av gåvene eg fekk i går

Slik ser det ut ute, men ikkje inne!


Eg har hengt opp emaljeskilt som eg fekk


Eg nyt rosene som eg kjøpte til meg sjølv *ler*


Eg er mektig inponert over korta Monica lagar til meg!
Henne fekk eg emaljeskiltet av.


Og eg har baka brød med den nye Kenwoodmaskina mi!


Ha ein koseleg, regnfull dag!

♥klem♥


tysdag 2. november 2010

Englar...

Eller angels som det heiter på engelsk, er velkomne inn!


Systra mi sa, og ho har igrunnen rett i det, at teksta burde kunne lesast frå utsida slik at englane veit dei får kome inn. Men eg vel å tru at dei forstår det uansett om det står på døra eller ei ;) Det er berre utruleg koseleg!



Så må eg berre få vise den nydelegaste bomullsbryllaupsdagsgåva (phju!) vi fekk med forlovaren min! Eg vart så gla!! Har lyst å henge det opp! Eit bomullshjarte med teksta:

Magi finner du i de små øyeblikk
som lyser opp dagen.
Kunsten er å oppdage dem.

"Det er heilt sant", sa mannen min ♥

I dag fyller eg 29 år! Rart å tenke på....



...her er eg saman med lisje Malimor! Ho er som vanleg alltid ute etter å ta noko på kameraet!

Ha ein fin dag!

Her putrar adobo i kjelen og mor gler seg til middag!

♥klem♥

torsdag 19. august 2010

Nokre interiøryndlingar i heimen!


Gamal, falleferdig kasse til olje og diverse på kjøkkenbenken.
Kjøpt på bruktbutikken ved Åse sjukehus, huskar ikkje kva den heiter ;)



EI av emaljeboksene mine, denne brukar eg til te.
Kjøpt i Istanbul! Då eg pakka den ut av kofferten sa svigermor:
"Åh! Det er makan til den mamma og pappa hadde kaffe i heime før"

Eg tenkte; den kan no ikkje vere MAKAN, denne har eg faktisk kjøpt i Istanbul.
Men ja, den var makan :)



Tavla mi kjøpt hjå tante Brun på Moa.
Ein kvardagsreddar. Når noko er tomt og eg
MÅ hugse å handle det, skriv eg det med ein gong på tavla!



Min nye søte, søte bambi! Ho har brokke beina fleire gongar,
men med godt doktorarbeid er ho fin som ny!

Bilete av Malimora i bakgrunnen, sukk!

Ei av dei grøne plantene mine.

Òg ei anna emaljeboks kjøpt i Istanbul.



Sølvkatten som mannen min fekk i dåpsgåve, i forgrunnen.
Og ikkje minst kjøt&pelskatten min, Elle, som solar seg i kveldssola ;)

Nokre favorittar frå meg til deg.

Ha ein fin kveld!

No skal eg ete omelett som Gardemann har laga til oss!

Related Posts with Thumbnails