I dag har eg vorte 30 år.
Eg har hatt ein fantastisk dag.
Med husbonden (les: eg kjøpte den frå han til meg sjølv i sommar,
og den har vore innepakka i kjellaren sidan) fekk eg Roberts radio.
I AKKURAT den fargen eg ønskte meg !!
Han kjenner meg bra godt!
Teikningar frå småtrolla + småtroll 1 song "happy birthday to youl" (Ikkje tastefeil, han song youl).
Eg opna kort frå mamma og pappa.
Mamma er på sjø i Skottland.
Pappa er på sjø i Danmark.
Kortet sa:
"She had just read so much about the ageing effects of both chocolate and alcohol that she immediately decided to give up reading"
*ler* MHM!
Så hadde mamma dikta til meg.
Eg elska det!
Dei var sakna i dag.
Då eg kom på jobb var der ballongar på arbeidsplassen min.
På veg til klasserommet var gangen tom for elevar.
Mistanken om overrasking kom smygande.
Dei song. Dei hadde laga krone. Dei hadde baka, ikkje mindre enn to kaker og muffins.
Dei hadde til og med forhøyrt seg med kollegar kva kake eg likte best (sjokolade!).
Dei hadde kjøpt blomar. Dei hadde kjøpt te.
Dei hadde kjøpt sinkskilt med teksta "Warning! Desperate hoswife".
Er eg ikkje heldig!!??
Eg følte meg majestetisk...litt ruskete dronning, men akk!
Så kom eg heim.
Ordna til familien skulle kome.
Gryterett og kaker.
Kake med 30 lys.
Det var spanande for dei minste.
Eg fekk fire bukettar med blomar.
FIRE!
Eg fekk scrappa kort frå nevøen min!
Flott, kva?
Eg fekk nok pengar til både ei regnkåpe
(har ikkje bestemt meg for kva for ei eg skal kjøpe, så har du forslag så kom med det!)
og lommepengar til NYC!!
No er eg kaputt.
Kaputt etter ein fantastisk dag!
Fanfreakingtastic!!!
Har du fylt 30?
Klem frå Hanne!