Viser innlegg med etiketten ikea. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ikea. Vis alle innlegg

fredag 24. juni 2011

IKEA!

No har vi vore på ikea.
Rask tur til Tronheim.
Rask og effektiv.
Sjølv gjennom lange fjordar...



Du må vite kva du skal ha når du reiser til ikea.
Eller må?
Du bør ;)
Uansett endar du opp med meir enn planlagt!




Småtrolla fekk fingerbamsar, som fall i god smak!
Same kveld vi kom heim fekk vi montert alt som skulle monterast.
"Ekje det bedre å gjer alt i kveld da? So sleppe ej å mase om nokre daga igjen?", sa eg.
Funka det.
Sant er det òg.
I dag skal eg styre og stelle med alt smånipset.
LOVE IT!!



Vi kjøpte nytt skåp til datamaskina.
"Det er heilt stygt. Høyre heime i en industrihall. Ingeting ta ditte gamle skrote ditt passa inn lenger",
sa husbonden.
"Du hekje peiling, du. Bære skru d på veggi", sa eg.



Småtroll 1 og 2 fekk seg kvar sin stol.
Elle fann seg endeleg til ro på sofaen.




Slik såg det ut når eg snudde meg ;)
Litt ryddigare i dag.

Elskar du ikea, som meg og tusenvis av andre?
Eg stolar på ikea.
Ikea er så koselege.
Klart dei har det på ikea.
Ikea har tenkt det ut for oss.
Åh, eg elskar ikea.
Joda, eg elskar deg òg ;)

Nokre av utsagna eg har hatt dei siste 48 timane.

♥klem Hanne♥

tysdag 21. juni 2011

Flytta ut

I dag var det siste arbeidsdag for meg!
No skal eg nyte sommaren.
I morgon skal vi ein tur på ikea.
Når ein ikkje har ikea akkurat rundt neste sving,
er handlelista lang!

Her heime har vi gjort det klart til dei nye møblane.
Litt ommøblering må då til.
Det som vi ikkje lenger vil ha i hus,
flyttar vi ut av hus.



Denne skuffekommoden har vi hatt inne.
No fungerar den godt ute under tak.



Til refleksvestar,



sykkelhjelmar og hageutstyr.



Elles har vi sett saman ei hylle.
Denne har vi kjøpt for ei stund sidan.
Resultatet skal du få sjå når det har blitt orden i rekkene.
Småtrolla var sjølvsagt med på montering.
På kvar si side.



Småtroll 1 var lukkeleg då han såg blåbær bak huset.
Sprang opp i skogen for å sjå,
men det var visst berre det eine...enno.

Har du starta på ferien din?

♥klem Hanne♥

Related Posts with Thumbnails