Viser innlegg med etiketten bilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bilete. Vis alle innlegg

søndag 14. august 2011

Stappa =

Eg er mett.
Stapp mett.
Ligg på sofaen og lurer på korleis i alle dagar eg kunne ete meg så mett?

Vi har vore i dåp i dag.
Der åt vi mykje.
Ikkje nok med det.
Etter småtrolla var i seng kjende eg svolten gnog atter ein gong.
Endte opp med å ete eit fat med lasagnerestar frå i går, med salat og brød.

*OFF*POFF*


David hadde ein flott dag.
Over 20 grader og fønvind.



Her søv han godt etter velsigning i kyrkja.
Var travelt det.
Presten ville ha han opp akkurat når han skulle til å sove,
men sovna godt etterpå.




Eg og husbonden tok kjærestebilete utanfor kyrkja

Har du hatt ei god helg?

♥klem Hanne♥


tysdag 8. mars 2011

I ramme...

I ramme,
nokre sjølvlaga,
andre i tre,
tredje skin...

Revne kantar.
Stramme linjer.
Heng i ein tråd.
Sit i klemma.
Stramma over lerret.
Magnetisk tiltrekking.

Ulike måtar å vise bilete på...


...eller ulike måtar å sjå menneske på.

Kjemi har mykje å seie.
Eg er akkurat ferdig med to kveldar stappa med kjemi.
Kontaktmøter.
Mykje god kjemi ♥
Flott ungdom.
Flotte foreldre.
Nøgd lærar.

Ha ein fin kveld.
Eg skal slappe av og snart sove!

♥klem♥
Related Posts with Thumbnails