måndag 12. juli 2010

Alltid vanskeleg å starte...

Hei alle saman! I fleire år har eg vore flittig lesar av bloggar som handlar om kvardagslivet til familier, interiør og selfølgeleg mat! Det har freista lenge å starte min eigen, men skrekken for å legge ut tankane mine for alle til å lese har vore ganske skremande. Merkelege greier, med tanke på at eg logga meg på facebook fleire gongar for dag, og tastar inn alt mellom himmel og jord, og utan å mukke trykkjer eg på "share". Kjensla kjem vel av at ein blogg er litt meir "alvor". Er det berre eg som tenkjer slik? I alle fall, no er eg i gong! Jippi! Du som sit å les no er ein av eit knippe eg har valt ut med omhu. Du er som ei prøvekanin. Ei kanin som eg stolar på vil fortelje meg akkurat kva du meinar, både om det eg skriv og og om bloggen generelt. Har du null interesse av å lese bloggen min? Ja, så sei det då! Gi meg beskjed så skal eg slette deg frå lista mi :) Eg likar deg ikkje mindre av den grunn ;) I dag har eg vaska kjøkkeninnredninga mi, og gru der var mykje skit!! Medan eg held på å med siste innspurt dreiv Inge å "masa" på meg; "mamma...maaaaaaamma...mamma?". "Jaaada, mamma kjem snart...eg skal berre...". Kjenner du deg att? Når eg då hadde berre, det eg skulle berre, fekk eg sjå kvifor han ville eg skulle kome. Medan eg vaska, hadde han funne ut at å teikne på ark var keisamt, og ville pynte litt på golvet. Knall gul, oljefargestift. Ca 1-1,5 meter. Teikna hardt som berre toåringar kan klare. Der sat han då og var så kry, men ikkje heilt sikker på om ho mor ville ha det slik. Eg klarte ikkje heilt å skjenne, men prøvde å forklare at slik er ikkje lov. Og som det gode mora eg er, måtte dette sjølvsagt dokumenterast. Ingen batteri på kamera, så eg måtte ut å få tak i den berømte Iphonen til mannen i huset slik at dette kunne forevigast. Kan du tru guten var forvirra? Dette er ikkje lov, men berre vent her så skal mamma hente telefonen til pappa for å ta bilete! Off, poff!! Nok ein dag er over :) (Bilete som høyrer til innlegget skal kome når mannen er i hus, det andre er berre for at eg MÅTTE prøve å legge til eit!!)

2 kommentarer:

Related Posts with Thumbnails