torsdag 29. september 2011

Lappegro??!!

Dette var mitt innlegg #4 på bloggen min.
Tenkte berre å vise det ein gong til :)
Berre at no har ho 19 oldeborn.


Mi mormor(79) er mor til 8, mormor til 21 og oldemor til 15 (snart 16). Ho er på farta støtt og stadig, så det er ikkje utan grunn ho er lagra som resarmormor på telefonen min. Ho lagar ofte mykje middag og inviterar oss til å kome å ete. I går laga ho ei panne med brendsnut, NAM, NAM!! Det var då eg lærte eit nytt ord; lappegro! Har du hørt det før?

"I går kveld sat eg å strikka, og veit du kva som kom gåande over golvet?"

Ja, ho sa gåande og eg tenkte det var ei mus eller eit eller anna insekt.

"Ei lappegro!!"

Hehe, lappegro, sa eg, kva er det?

"Veit du ikkje kva ei lappegro er? Kanskje de har eit anna namn på det. Har fire bein, er grå eller grøn, og går slik"

Så gjorde ho ei rørsle som kan minne om robotbilane i transformers. Ho fikk henta kost og brett og kasta lappegroa ut. Jaja, tenkte eg, eg finn vel ut av kva det er for noko. For ho klarte ikkje å forklare betre og eg forstod ikkje kva det var. Etter eit kort nettsøk fann eg ut at ei lappegro er ein
FROSK!

"...De har sikkert eit anna ord på det.."

Eg kan ikkje anna enn å flire :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails