laurdag 21. august 2010

Matitime dagar i Gjerdsvika

Denne helga er det mykje som skjer på Sunnmøre.
Jugendivalen i Ålesund, Trebåtfestivalen i Ulsteinvik og
sist men ikkje minst Maritime dagar i Gjerdsvika.

Kl. 12:00 åpna dei dørene til loppemarknaden i Gjerdsvika.
Då står eg klar, sikkert saman med mange andre,
til å finne skattar som skal bli mine!
Spanande!!

Naustgata med mat, kunst og handverk åpnar også kl 12:00.
Der er mykje å sjå og kjøpe!

Hege Sørdal, AKA Resirkuline, har plass i Naustgata.
Der sel ho vesker, søte hjarte, og kle til både born og vaksne.
Eg har fått lov av henne å ha eit skap som eg har pussa opp, i
shabby chic-godt slitt-fransk landstil-stil ;),
ståande på plassen hennar.
Der heng kleda ho har laga i, ganske så koseleg.

Skapet er til sals.


Her ser du ein snikkik av skapet.
Eg skal ta med fotoapparat og ta bilete i dag.
Du får sjå seinare :)

Ha ein fin laurdag!

1 kommentar:

Related Posts with Thumbnails