onsdag 25. august 2010

Tysdag er ein fin, fin dag....

Det er tysdag.
Natt til i dag var tung.
VesleMalimor vokna med feber og hadde problem med å sove.
Mesteparten av natta gjekk med på å pleie, kose og stelle.
Vi stod opp før 8.
Førmiddagen har gått greit,
litt ut på ettermiddagen òg,
men etter middag på ettermiddagen...

....zzzzzzzzzzzzzzzzzzzz!

Heldigvis voknar eg til ei slik tulle på morgonen ;)


Mennesket er det einaste vesen
på jorda som kan smile.
det er eit lys i vårt
ansikt sitt vindauge,
som hjartet brukar til å vise
at det er heime.
Henry Ward Beecher

NB.
 Bella blå gjev oss sjansen til
å kome å bestille det vi kunne ynskje
frå http://www.rice.dk/ sine sider.
Så lenge lommeboka seier ok.
Sukk, blir ikkje mykje handling på meg,
men eg kan drøyme ;) 

1 kommentar:

  1. Ikkje værst å våkne til ei slik sol ette ei slik natt. Du gjor tydeligvis en god jobb me å pleie, kose og stelle :)

    Therese

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails