måndag 13. september 2010

Takk for vaskbare trekk og gi meg gjerne fleire ;)

No er dei ferdig vaska, tørka og tilbake på plasse sin. Trekka på Ektorpstolane våre. Det er jammen godt dei kan vaskast, det trengst med ein 2åring i huset ;)

Akkurat no ligg eg i sofaen. Eg litt skeivt. Kvifor? Jo. Fordi sofaen er utsliten og då hellar putene innover mot ryggen. Eg litt ikkje behageleg, men eg ligg! Sist tysdag var eg i 30 årsselskap hjå Monica og sette meg i sofaen hennar. Eg "spratt" litt oppatt etter eg hadde sett meg. Det var då eg forstod for alvor at vi MÅ ha ny sofa!! No tenker eg på det ca. ein gong for dag :( Eg held på å spare. Eg vil gjerne ha Ektorp sofa! Og NYE trekk til stolane. Vil ha, vil ha, vil ha...ja, eg vil ha!!

Eg kunne tenke meg ein brun og ein grå, rygg mot rygg. Ein mot fjernsynet og ein til snakking ;) Det er godt det er lov å drøyme, så ein dag når eg har spart litt pengar, då kan eg kjøpe!! Men til då lyt eg berre ligge her på skeiva i sofaen min!

Kva drøymer du om og har øvst på ønskelista di?

Takk for koselege kommentarar i forige innlegg!! Varmar

1 kommentar:

  1. Eg drøymer ikkje akkurat om garasje, men det er det neste på planen. Utan bodplass vert det veldig vanskelig å halde nokonlunde orden.. Vi får satse på ein haustmarknad, så har du snart nok pengar til sofa :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails