onsdag 27. oktober 2010

Ein heilt vanleg dag...

For ei mamma som er heime på permisjon.

Onsdag.
Dagens agenda i går var hovudsakeleg tre ting; bake brød, helsestasjonen med Mali og handle. Eg heiv saman brøddeiga med ein gong, det vil seie då vi stod opp kl 9. *sukk* Det er jammen godt å hauste det ein har sådd, i dette tilfellet søvn! Anyway...brøddeiga heva seg og eg skulle få Mali til å sove slik at vi kunne prøve å unngå ei grinete og trøtt pie med helsesøster og doktor! Men ho ville ikkje. Helsestasjonen ringde akkurat då vi skulle til å ha på oss ytterkleda, timen vart utsett til neste onsdag. Flott! Då kunne ho sove, og det gjorde ho. Mamma fekk plutseleg litt ekstra tid! *Panikk! Kva skulle eg finne på???*




Brøda var ute av ovnen og Mali sov. Eg kunne sige i sofaen å sjå diverse som eg har teke opp. Eg elskar opptakstuneren mannen i huset har invistert i, som eg nekta å betale i fordi eg påstod hardnakka at vi trengde ikkje noko slikt! Ja, eg har fått høyre det nokre gongar!*ler* Men i staden for tv, tok eg eit meir praktisk val i dag, difor må eg skryte!


Eg har lese spesped.


Eg har skrive handleliste (medan eg las;).


Eg har ete snop (ikkje så stolt, men, men). Må berre hugse å kaste papira før vi hentar Inge i barnehagen, slik at eg slepp å ta diskusjonen med at han får ikkje snop for no skal vi snart ete middag.


Eg har vatna og dusja plantene mine. Også medan eg las. Hadde avtalar med meg sjølv at når eg hadde lese så og så langt kunne eg gå å vatne/dusje to nye planter. Fungerar flott det!!
No står det berre att å faktisk handle, hente Inge og lage middag...og ha på plass varer, og vaske opp etter middag, og syselsetje dei to små, trøtte før leggetid, og fortelje Inge at det ikkje er Solveig og Kosinus på barnetv i dag heller, og...jah! Då står det berre att å slappe av etter dei to småtolla søv!



I dag blir det prinsefisk til middag. Nydeleg godt! Må berre hugse å setje fisken i kjøleskapet før vi forlet huset fo elles ha sikkert Ludvik og Elle hatt eit kongemåltid når vi kjem tilbake. 

No skulle vi igrunnen fare på butikken, men Mali sovna (då eg starta å skrive innlegget hadde eg gitt opp at ho skulle sovne før vi drog, ho låg berre å frøsa i senga, men no er det heilt stille). Jaja, ho lyt få sove. Då for eg heller ta med begge to på butikken. *gruer meg til det*

Ein kan ikkje planlegge alt heller...



Ha ein fin dag alle saman, og hugs; Det er snart helg!

♥klem♥

NB: Eg har fått knottar i posten i dag. Knottar til det blå skåpet. No håpar eg at det blir pussa, vaska og får nye knottar i løpet av nokre dagar. JIPPI!! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails