torsdag 7. oktober 2010

Haust, vått, vind = ?




I dag er Ingemann heime frå barnehagen. Han kasta opp i går så no kan han ikkje leike med dei andre før måndag, men må heller vere heime med ho mor ;)

Vi har nett vore ute å gitt gamalt brød til sauane. Inge fekk på kleda fyrst og gjekk ut. Då høyrde eg berre: "Mamma rota! Mamma rota, mamma". Har eg rota, spurte eg? "Ja!!!". Då var platten utanfor full av lau, vått, gult lau. Hehe det er ein måte å sjå hausten på ;) Mamma får som regel skulda for det meste.



Godt at borna mine kan leike seg sjølv ;) Inge teiknar fortsatt overalt! Siste nytt er skriblerier på golvet i sprittusj, off!



Mali ristar siste livsgnist ut av ei av plantene. Jaja, den såg sine siste dagar uansett....



Vi prøvar å handle ein gong i veka. Fordelar på mange måtar; sparar tid og pengar, og ikkje minst stress! Treng ikkje tenke at eg må på butikken for å handle det eine og det andre ;) Men sikkert irriterande når nokon skal ein svipptur innom og kjem bak meg i kassa, eller? *ler*

Ha ein fin dag vidare.
No skal Inge og eg prøve å bake brød. Vi håpar dei smakar like godt som dei som var i min heim då eg vaks opp. Det er målet!!

♥klem♥

NB. Batteriet i kameraet mitt er utlada, og sidan eg(har fått skulda igjen;) har rota vekk ladaren, må eg bruke det lisje digitalkameraet mitt til vi har fått lada det oppatt. Vi er så heldige å få låne ladar med broren til mannen min!



1 kommentar:

  1. Du må skjøne at du ikkje skal rote lauvet utover all mark (og treplattingar og sånn)!
    Det var kjekt å stikke innom og få sjå litt idag, eg kjem gjerne att ein annan gong.
    Håper ikkje Mali vart full av mareritt etter at eg skremde ho:)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails