onsdag 13. oktober 2010

Illusjon?

Då har eg endeleg kara meg til å henge liftgardinene mine heilt opp under taket. Det skal få det til å verke som eg har lange vindauge, men i røynda har dei vanleg storleik. Då heng du berre gardinene ganske nær taklista, slik at dei berre dekkar litt av vindauget. Du får inn meir lys og ei kjensle av at det er ein smule høgare under taket. Ikkje lett å fange på bilete (i alle fall med dette kameraet) og då eg held på å skru inn krokane på nytt kom eg på at eg hadde gløymt å ta før bilete! *arg*

Eg fann eit bilete eg tok av husbonden når han laga middag medan resten av gjengen kosa seg på sofaen. Då ser du litt av vindauget.

Før:


Etter:


Eg tok også å fjerna liftgardia på døra, der skal eg ha på eit koseleg wall stickers...når eg har bestilt eit! ;)


Endeleg!!

Eg las dette tipset på ein blogg, eg hugsar ikkje kvar for det er ei god stund sidan...men det var nok ei av dei praktiske damene der ute! Thanks!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails