laurdag 2. oktober 2010

Nydeleg haust!

Denne veka har eg ikkje hatt ork til å blogge, men no er lyst her att :) Hausten vist seg frå si beste side! Eg og Ingemann har vore ute og kosa oss, det er godt å få lufte seg litt.

"Sjå fyen, mamma!"


Kaldare og klarare i lufta.
Eg er glad for at hausten er komen, men Ingemann gler seg alle reie til snøen kjem. Han har dragsa fram akebrettet titt og stadig i løpet av sommaren. Det nærmar seg no, Inge, berre ha litt tolmod ;)




Han synest det er spanande å sjå korleis naturen endrar seg. Det er godt at dei små er nyfikne! Det gjer at eg og likar å gå ute å sjå ;)



Torsdag var det planleggingsdag i fleire barnehagar. Då kom begge systrene mine på besøk, med dei små, for å "slå i hel" nokre timar. Kos!! Med....


...sjokoladekake :D Både store og små var mette og gode på sukker!


Medan Inge sov, prøvde vi å få til eit gruppebilete av dei fire andre...litt komisk :)

♥ Mali, Simen, Ada & Arian ♥

Ha ein flott laurdag alle saman!!

Klem

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails