torsdag 21. oktober 2010

Så vart det snø!

Det er ikkje lenge sidan alle var leie av å måke snø, og no er han tilbake! *poff* Så var sommaren og hausten over. Snøen forsvinn sikkert og vi får nokre veker til med ruskehaustvêr, men det er verkeleg winter wonderland ute no. Ikkje akkurat trillevêr. Prøvde meg ute med vogna i dag, men det blir nok ikkje mykje trilling når det er slik! Då blir det meir ei forbanna mor som kjem heim, enn ei frisk og opplagt mor ;)


Berre hugs på småfuglane


Dei treng litt ekstra kjærleik desse månadane


Regnet kjem sikkert til helga ;)

Ha ein fin dag og køyr forsiktig dersom du ikkje har skifta til vinterdekk enno!

♥klem♥


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails