tysdag 30. november 2010

Adventskalendar for fyrste gong

For fyrste gong skal no småtroll 2 få adventskalendar. Eg har gjort det enkelt. Kjøpte denne flotte boksa på Nille:


Så legg eg ein pakke i kvar dag. I fyrste "luke" får han eit flott forkle, sydd av Hege. Eg trur han blir kjempeglad og utruleg stolt når vi skal bake neste gong ♥



Eg ser fleire fordelar ved å ha denne type kalendar:

1. Ein må ikkje pakke inn mange småpakkar, dilldall....
2. Ein må ikkje tenke ut alt på ein gong.
3. Eg fekk ei god unnskuldning til å kjøpe ei slik flott boks.
4. Ja, nei, berre kjekt ;)

Har dine born adventskalendar? Kva type?

Her skal det vere ein del aktivitetar, aktivitetar som vi skulle gjere i utgangspunktet og aktivitetar som vi ynskjer å gjere. Vi har som mål å skvise inn; bading, bake bollar, muffins og aniskringler, gå på kino (ja, vi må sikkert gå før filmen er ferdig, men vi skal prøve;), grille pølser ute til middag, klippe...ja, det var vel det vi har tenkt ut så langt. Har du tips til meg? Småtroll 2 er 2,5 år.

God kveld!

No skal eg sjå One Tree Hill som eg har tatt opp ♥

♥klem♥


1 kommentar:

  1. For ein god ide` med boksa da! Å det søte forkledet:)Det vert nok stas med eige forkle.

    Broderte ein kallender til størstejenta for nokre år sidan og den bruker eg til begge to. Har planer om ein eigen til lisje jenta også...
    Dei får kvar sine pakkar kvar dag. Mest nyttige ting til skulen, som blyant, viskelær,marker osv.Godteri blir det på laurdagane og div.dill dall ellers.

    Lurt med aktivitetane du har lagt i kallenderen.

    God onsdag:)
    Klem Mette

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails