onsdag 24. november 2010

Det evige spørsmålet; Kva skal vi ha til middag?

Eg blir gretten når eg ikkje har planlagt middag.
Eg blir gretten fordi då må eg tenkje der og då.
Eg blir grette fordi eg har mest sannsynleg ikkje det eg treng for å lage det eg vil.
Eg blir gretten fordi eg ventar altfor lenge med å tenke og då blir eg svolten.
Eg blir gretten fordi når eg blir svolten får eg så lavt blodsukker.
Eg blir gretten fordi når blodsukkeret er lavt har eg ingen reserver å gå på.
Eg blir gretten som småtroll 1 i ein alder av 2-3 år.

Det er ikkje eit vakkert syn.
Det er ikkje ein vakker lyd.

Ein gong sa husbonden til meg; "Du bør ikkje bli så svolten nokon gong" *ler*

Eg blir gretten når eg ikkje har planlagt middag i morgon.
Eg blir gretten når eg tenkjer på kva eg skal ha til middag i morgon medan eg et middag i dag.
Eg blir gretten av å ikkje ha middag.

Men,

Eg blir glad av å ha planlagt middag.
Eg blir glad av å ha planlagt middag i ei veke framover i tid.
Eg blir glad av å ha handla til minndag ei veke framover i tid.
Eg blir glad av god middag.
Eg blir glad av middag som er enkelt å lage.
Eg blir glad og seier "MMMMMMMMMM godt" når eg et.
Eg blir glad når småtroll 2 òg seier "MMMMMMMMMMMMMM dot" når han et.

Det er eit flott syn.
Det er ein flott lyd.

I denne anledning tenkte eg å setje opp ei liste med våre middagar, for dei går i syklus.

Karbonade m/lauk.
Adobo.
Pytt i panne.
Ball.
Pizza.
Cheesburger m/potetbåtar.
Steik av ein sort.
Brendsnut.
Ostepanettar og rå grønsaker m/dipp.
Biffsnadder.
Steikt laks krydra m/kvitlauk og dill + creme fraice/sennepssaus.
Pannekake og bacon.
Fiskebollar.
Heil kylling m/ris og sursøt chilisaus.
Taco.
Kyllingfilet m/fløytesaus inkl. sopp og paprika.
Prinsefisk.
Graut.
Spaghetti.
Chili con carne.
Svinekotelettar.
Fiskegrateng.
Seibiff.
Paella.
Lasagne.
Skinkegrateng.
Cubano.
Kjøtbollar i brun saus.

No skreiv eg direkte frå kalendaren vår.
Slik heimelaga kalendar frå fotoknudsen med store ruter på datoane for å ha plass å skrive t.d. middagar.

Del dine middagstips med meg!!

Skriv ein kommentar til dette innlegget.
Vel anonym så skriv du namnet ditt under; som Mette syskenbarn eller Kristin frå Haugesund *ler*!!

I dag skulle vi ha prinsefisk, men pga begge småtrolla er heime blir det litt flytting på middagane.
Så då tek vi graut i dag og prinsefisk ein annan dag.

Kva skal du ete i dag?

♥klem♥


Heimelaga cheesburger m/potetbåtar *namnam*


7 kommentarer:

  1. Blir berre gla av å lese bloggen din :D
    Flinka!
    Klæm Mariann L

    SvarSlett
  2. Har lasta ned matprat applikasjon på telefonen min. I dag tok vi den fram under frukosten og eg bladde i veg.. suppe? ..nei. Kjøttbollar? ..nei. Lasagne? Ja! Så då får vi satse på lasagne i dag!

    Gler meg iallefall til å kome heim til norsk mat! Ball skal vi ha ein av første dagane!

    Ha ei fin helg - litt tidleg kanskje men..!

    SvarSlett
  3. Kristin fra Haugesund25. november 2010 kl. 14:38

    Ka e Aduro og Cubano? eg treng middags tips :) tips til deg e gulrot suppa :)

    SvarSlett
  4. Må få vite korleis du laga den suppa! :)

    Adobo er ein nydeleg fillippinsk rett som du kan finne oppskrift på her:

    soriano-overberg.blogspot.com

    så går du på matoppskrifter.

    Cubano er ein nydeleg sandwich som har ein hemmeleg dressing på ;) Får ikkje lov å gi den vidare ;)

    Ha ein fin dag! Eg og småtroll 2 skal til Volda ein tur i dag :D
    Klem ♥

    SvarSlett
  5. No veit ej kar ej ska gå for å få middagstips. :) Du e bære flinke,Hanne! :)

    SvarSlett
  6. Tihi :)
    Ser at middagen er det samme hjemme hos dere som her. Vi har pølsegrateng i tilligg :)Kan prøve vårruller med ris, da lager du ekstra som du kan ha i fryseren...Anbefaler pastaer i alle varianter, ungene mine elsker pasta :) Skal legge ut en oppskrift på varm pennepasta en dag. Kylling med fløte og soyasaus, nydelig god! :)
    klem

    SvarSlett
  7. Eg er gretten for eg veit ikkje kva vi skal ha i dag.

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails