torsdag 23. desember 2010

Klar...

Klar for kos!

No er rabben kutta opp, potetene skrella og pinnekjøtet lagt i vatn.
Med god hjelp av mor!
For vi skal få fullt hus i morgon og med trollmannen ute,
er det godt at mor kjem å hjelper til når to småtroll skal i seng og ting skal førebuast.

Fugleneket har komt opp.
Julestrømpa er "fylt".

Borna søv.
Eg er ferdig.
Skal kose meg litt før eg tek natt.


Her ser du nokre bilete frå vår juleklare heim!



Denne julekrybba elskar eg! Kjøpte den hjå Bella Blå i fjor.



Juletreet er ferdig pynta.



Søt julepynt kjøpt i Minneapolis i fjor haust!



Soppen er også kjøpt i Minneapolis.



Desse skjønne kulene har vi fått av ei venninne av meg.
Ho har laga dei.
Småtroll 1 og Ludvik har også kvar si.
Så trur eg småtroll 2 og Elle har ei kvar under treet i år ♥



"Dei henge, mamma", sa småtroll 1 då eg laga middag i går.
Då hadde han starta å pynte treet.
Du ser dei.
Dei heng.
På rekkje og rad! ♥



Desse nydelege julestrømpene har eg kjøpt av Hege.
Ei med rosa og ei med blå innside.
Småtroll 1 si strømpe har fått litt snop i ♥



Eg håper du er klar til morgondagen.

Sov godt!

♥klem♥

2 kommentarer:

  1. Hei Hanne:)

    Å, her var det mykje fint å sjå!!!
    Den julekrybba er berre soooo skjønne:)
    Flott juletre! Kulene med navna dåkka var no berre lekre da.

    Å julestrømpene... say no more:)Flinke Hege!!

    Ønsker dåkke ei fin og god julehelg***

    Juleklem Mette

    SvarSlett
  2. Skikkelig julestemning her!

    GOD JUL til dokke alle :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails