søndag 19. desember 2010

Up and about!

Då var vi endeleg kvitt influensa *bank i bordet*
Denne helga har eg og småtroll 1 baka pepperkaker og pepperkakehus!
Pepperkakehuset laga eg ein ca-mal til, så baka vi.
Eg har lært litt til neste år.
Eg skal for eksempel ikkje ha ein på 2 og eit halvt ved siden av meg,
medan ei på 8 mnd sit på golvet,
medan trollmannen er ute,
medan vi bakar.

Og vi skal sjekke malen før vi bakar ;)
Huset står, så vidt, og er for så vidt koseleg.
Med litt manglar her og der.

Eit tips eg fekk frå ein blogg var å pynte huset før du set det saman.
Funka bra det!



Så sette eg det saman, og det var då eg såg feila.

Pytt, pytt!



Eg har også laga dadlar fylte med marsipan, dyppa i sjokolade.
Ganske søtt! Men godt til te og kaffe



Småtroll 1 fekk kino i adventskalendaren i dag.
Vi skulle sjå Elias.
Han holdt avisutklippet i handa heile morgonen



No har vi nett kome frå kinoen og det var suksess!

Håper du får ei fin veke, og er snart "klar" (kva no det må bety) til jul

♥klem♥


1 kommentar:

  1. Godt at dåkke har blitt friske igjen:) Og ferdig med det til jul!!!!!
    Kjempefint pepperkakehus<3 Herlig med "Bambi" der på hjørnet.

    Vil tru at Elias var suksess ja;)

    Fortsatt god førjulstid:)

    Klem Mette

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails