fredag 3. desember 2010

Ut med det gamle, og inn med noko anna gamalt

Då har eg endeleg fått ut skatollet. Det var eit flott skatoll, men no var eg litt lei og ville ha inn det gamle kjøkkenbordet til bestemor.

Slik var det før:


Og slik ser det ut no. Merkeleg å tenkje at her sat bestemor, bestefar og dei tre gutane og åt middag. Merkeleg å tenkje at her baka bestemor lefser. I dag må vi minst ha to benkeplater òg eit stort kjøkkenbord for å klare det same.


Bordet vart måla for over fire år sidan då eg flytta i leiligheit etter USA.



Etter at vi flytta inn i huset har det stått ute under tak og blitt brukt til det meste. Målinga har flakka mykje av, men pytt sann, endå finare i mine auge ♥



No skal eg og småtroll 1 lage ferdig pizza, medan småtroll 2 forstatt søv.

Ha ein fin fredagskveld! 

♥klem♥

NB. Hugs å ta deg ein tur i Ura i morgon mellom 12-15 dersom du har sjans. Julestrømpene og hjarta til Resirkuline er verkeleg verdt å sjå! Begge småtrolla skal få kvar sitt her ♥


1 kommentar:

  1. For eit fint kjøkkenbord! At det er slitt har berre sin sjarm:)Herlig minne å ta vare på...

    Har planer om ein tur uti ura i morgon, so vi får sjå om vi rekk det;)

    Klem Mette

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails