laurdag 15. januar 2011

Ein tur på gartneriet!

hDå ruska eg meg endeleg på Kvalsund gartneri for å finne flotte planter,
med god kvalitet. Det siste er nødvendig for meg dersom dei skal leve ei stund ;)

Småtroll 1 fekk vere med.
Han oppdaga kaktus for fyrste gong!
Det var jammen spanande!

Eg fann litt andre ting spanande ♥


Ein ny orkidè.


Hjarteplante (som eg aldri hugsar namnet på) står saman med hjartekonkylien.


Eit minitre til kjøkkenbordet.


Ein lilla sjarmør til salongbordet,



liten, lilla sjarmør...


Dette er knoppar på ein orkidè eg fekk i fjor haust.
Det er fortsatt liv i han.
Eg hadde nesten gitt opp orkidèar,
heilt til systra mi gav meg hennar tips:



Rens røtene for bark og mold,
lat dei stå i vatn, men av og til let du dei tørke litt ut.
Det funkar som berre det!
Ikkje gi opp før du har prøvd det!



Ellers er Ludvik i full sving med helgavasken ;)

Eg og småtroll 1 skal til å lage tacosuppe, frå botnen av.
*namnam*
Seinare skal eg på spelekveld til ei venninne.


Takk for alle gode ord som blir lagt igjen hjå meg!
Eg blir så glad!!
Har også fått ein del nye fyljarar, velkomne!
Det er kjekt å forstå at folk synest det er greit å lese her inne ♥

Takk alle saman!

Og god laurdagskveld til alle!

♥klem♥

3 kommentarer:

  1. Mhm,høres godt ut! Herlig med noen nye planter. Gjør seg så godt.
    Ha en god lørdagskveld & kos dere.
    Klem Christina

    SvarSlett
  2. <3 orkidè <3
    å søte Ludvik so vaska sej so fint :)

    <3 klem <3

    SvarSlett
  3. skjønne planter du har kjøpt. Her i hus er det berre juleplanter endå... gleder meg til fornyelse:)Og på gartneriet har no dei so godt utvalg og ja, god kvalitet!!!

    Ha ein fin søndag!!!

    Klem frå Mette

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails