onsdag 12. januar 2011

Å leve i nuet?

Vi skal prøve å leve i nuet.
Glede oss for det som skjer i dag.
Dette minuttet.

Det er litt enklare når ein er 2,5 år...trur eg.
Då eg henta småtroll 1 frå barnehagen i går,
blei han så utruleg glad for det han såg ute:

"Sjå, mamma! SOLA! SOL! HIHIHI SOL!!"
Eg var trøtt og lei og sa, sikkert med litt etterlikne entusiasme:
"Jah! Sjå der! Sol! JIPPI!!"

Då blei han så glad, hoppe opp og ned og ropa jippi!
Det var gjort.
Eg måtte flire og le.
Tenk å glede seg slik over nuet!
Det var ikkje verkeleg sola ein gong.
Berre rosa skyer av solnedgongen!
Men vi såg "sola",
heile vegen heim frå barnehagen.

♥

Men i dag klarer eg ikkje å la vere.
Eg gler meg til meir sol.
Meir varme.
Mindre kle.




Nyte frisk frukt på altanen til bestemor

♥


Nyte blomar frå småtroll 1 som har vore på blomeslang i nabohagen

♥


Nyte eit glas raudvin, nonstop, nektarin og kiosklitteratur på lyse kveldar

♥


Men eg må nok innsjå at det må bli med dagdrauming når det gjeld slike ting ei god stund til...
...is, glatt, men flott!

♥

Mykje kle.
Glade svoltne sauar!
Glad og mett gut!

♥

No har begge småtrolla sovna og eg skal kose meg inne,
med stearinlys og teppe.

Ha ein fin kveld!
Vi er midt i veka,
og snart helg ;)

Ein fordel med å jobbe er å få fredagskjensle!

Kjekt at så mange ville bli med på give away!
Eg såg føre meg fire lappar *ler*

Småtroll 1 skal få trekke i helga.
Hugs å skriv ein kommentar på innlegget dersom du vil bli med!

♥klem♥

3 kommentarer:

  1. ... so lett å gløyme, men so utruleg viktig: Å LEVE I NUET.Godt med ungane som minner oss på det no og då:)

    Herlig skrive Hanne.

    Klem Mette*

    SvarSlett
  2. Hei Hanne! Så koselige ord du legger igjen hos meg:)Smilte da jeg leste innlegget ditt over..kjenner meg godt igjen!Har selv en jente på 2.5 år, og de har aldri dårlig tid de. Tror vi har mye å lære..leve i nuet, ja det skal vi!
    Klem Christine

    PS: For et nyyydelig veggmaleri! Er skikkelig imponert!

    SvarSlett
  3. hmm... ej la no et innlegge her då d kom, men e no ikke her lenger so då skrive ej igjen :)
    Ho Oline også blei kjempe gla når sola kom... då måtte vi synge en song til sola: sol sol kom igjen, sol du er min bestevenn... <3 <3 <3

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails