laurdag 23. april 2011

Sommarstemning!

Dette har vi venta lenge på!
Sol og varme.

I dag har vi hatt 20 grader og sol på Sunnmøre.
Heilt fantastisk.
Eg har laga klart til sommaren ute.
Heile familien har kosa oss.


Frukost ute.
Lurer på når sauane kan få litt skive.



Frukostkroken.
Klokka 20:00, lange skuggar, men fortsatt sol ♥



Lykter i bjørka.
Desse skal få lys når sola har gått ned i kveld.
Gler meg til å sjå!



Oliventreet mitt har fått større potte.
No kan det berre kome for fullt!
Som du ser er ikkje rekkverket ferdig enno,
denne altanen er eit evighetsprosjekt.
I sommar SKAL den bli ferdig,
både bygd og måla.



Ein blome her...



Stolane til dei minste.



...ein blome der.



Og litt fleire her...



...og der!

Håper du har hatt ein fin vårdag og ikkje minst ei fin påske!
Vi håper på fleire slike dagar.

No står pizzaen i ovnen.

Ha ein fin kveld!

♥klem Hanne♥

2 kommentarer:

  1. Ja, det har vore ei nydelig påskehelg!
    2 heile dagar ute og leika og grilla og kosa oss her ute også :)
    Her har vi fått på plass ein platting, men ingen blomar enno, kanskje eg må leige deg inn ein dag :)

    SvarSlett
  2. Kor kooooselig!! :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails