søndag 26. juni 2011

Bokstavar i interiøret

No har vi fått inn alle forbokstavane til familien i interiøret.
Men det er berre småtrolla sine som har kome til sin rett.



M for Mali og I for Inge.



Vi har òg Gard&Hanne.
Dei skal kome opp på veggen over lerret av foreldra våre



Det siste innskuddet fekk småtroll 2 i gåve frå tante og onkel.
Dette toget er vanvittig populært med dei to små!



Det kom i hus i går, og dei har krangla om det sidan.
Men godt at vognene kan takast ifrå kvarandre slik at det fins ei enkel løysing på kranglinga ;)

Håper du har hatt ei fin helg.
På Sunnmøre har vi fått sett sola i dag.
Ho var ikkje venta, men alltid velkomen!

Ei fin veke til deg!

♥klem Hanne♥


2 kommentarer:

  1. Så fine bokstavar! Likte særleg godt "M"en:)

    SvarSlett
  2. Bokstavene var fiiine, spesielt den første:) Det lille toget hadde nok vesle jenta mi også likt å leke med. Solide treleker er tingen:)

    Ha en fin kveld!

    Klem fra meg

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails