fredag 1. juli 2011

Fantastiske nynorsk barnebøker!!

Det er ikkje alltid like enkelt å få tak i nynorske bøker.
Vi er medlem av blåmann bokklubb.
Her er eit flust av nynorskbøker.
Eg må berre dele den siste vi fekk.
Heilt fantastisk!!


Forteljinga om Ida.



Hærleg fortalt som fiksjon frå Ida var fødd til ho døde.



Nydelege illustrasjonar med spanande detaljar, eller skattar som eg likar å kalle dei,
og morosame perspektiv.



Hærleg å lese nynorsk



Det endar som ei faktabok der vi får heile historia,
frå fleire titals millionar år sidan til i dag.
Og dei missuningsverdige illustrasjonane er der, frå start til slutt.

Anbefalast på det sterkaste!
Vi har pakka henne saman med ein del andre ting i flybagen vår.
Du veit den bagen som du håpar skal redde dei fire timane i fly med to småtroll...

Vi tastast om 14 dagar!
Tusen takk for dei koselege kommentarane i innlegget under.
Eg vart så glad!

♥klem Hanne♥



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails