laurdag 27. august 2011

Det rosa sminkebordet!

Endeleg har eg teke meg tid til å knipse bilete av det rosa sminkebordet vi har på soverommet.
Og la meg berre seie det;
sminkebordet er vanskeleg å ta bilete av!
Ikkje det største soverommet,
men den største senga som tek det meste av lyset frå vindauget.
Ein del skuggar på sminkebordet som gjer at det ikkje får vist seg frå si beste side.
Men her får du sjå det eg fekk til.




Har ikkje vore fan av rosa tidlegare.




Men etter at ei prinsesse kom i hus, vart her meir og meir rosa.




Ikkje berre i kle til henne,
men i interiøret.




Men blandar det med raudt,
slik at det ikkje blir for søtt.




Slitt med raudt og kvitt.




Flotte detaljar.




Hærleg.




Reine linjer finn du òg.




For utan om rot (som for biletseansen var kasta i hjørnet av rommet),
står ballerinahaldaren min til øyredobbane.
Denne vann eg på ein fancy gammaldame-motevisning i Miami (på spring break med bestemora til ei venninne frå Minneapolis;) i 2006.



Den som hadde vore ei ekte ballerina!


Dett var dett!

Kos deg på laurdagskvelden!

♥klem Hanne♥


1 kommentar:

  1. For eit skjønt sminkebord!!!!Herleg rosafarge♥
    Og so fint med dei kvite og raude slitte plassane:)Flinke Hanne:)

    Ønsker deg ei super helg!!!
    Klem frå Mette.

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails