onsdag 24. august 2011

Ferdig måla panelrom...

Gjesterommet er ferdig for no.
Er ei god kjensle å vite at vi kan ha folk på overnatting og eg (ja, eg skriv eg fordi husbonden hadde sikkert ikkje vore flau), ikkje treng å vere flau over å vise rommet dei skal sove på!




Lyse veggar og lys som kjem inn vindauget.
Eg elskar det!



Nattborda på alle soveromma i huset har blitt desse Lack-hyllene frå ikea.
Vanvittig praktiske.
Ingen rot på golvet og ingen krikar og krokar å havne støv på,
men akkurat store nok til å få plass til det du treng på natta eller kvelden.

Stol ved siden av senga.
Småtroll 2 må òg kome seg oppi senga når dei skal hoppe og tulle der!





I vindaugskarmen har eg plassert sko som eg og husbonden traska rundt i då vi var 1,5 år.
Lurte lenge på om eg skulle behalde desse, eller kvitte meg med dei.
No er eg glad eg ikkje kasta dei :)




"Dine liknar på småtroll 2 og Gard sine liknar på småtroll 1",
sa svigermor.

Ho har igrunnen rett!
(mine er dei raude, dersom du var usikker)

Eg kjenner meg lettare til sinns berre fordi der er lysare, merkeleg.
Gangen får vente til haustferien.



Slik såg rommet ut før.
*frysningar*

God kveld!

♥klem Hanne♥

5 kommentarer:

  1. Du har vore kjempeflink!!
    Gler meg til å få sjå når du inviterar meg på overnatting :)

    SvarSlett
  2. Oj, so flott det vart!!!! Herleg sengeteppe:)
    Korr koseleg det var med skoa i karmen da♥
    Ja, det er heilt fantastisk kva "litt" maling gjer med eit rom...

    Ha ein fin torsdag Hanne ☺
    Klem frå Mette.

    SvarSlett
  3. WOW!!Så lyst og fint det er blitt!!
    Jeg kjenner den følelsen, og ikke minst synet av alt det lyse..Rommet blir med ett mye større også:)
    Så lurt med de nattbordene..Den ideen likte jeg:)

    SvarSlett
  4. Kjemepfint!Må være deilig å være ferdig :)
    Jeg skal til på kjøkkenet mitt...ork! :)

    klem

    SvarSlett
  5. Så fint det ble:) Helt utrolig hvordan rommet ble et helt annet etter et par malingstrøk! Må sjekke ut disse lack hyllene. Kanskje noe for vårt gjesterom også.

    Ha en fin dag!

    Klem fra Pernille

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails