torsdag 11. august 2011

Nye ektorptrekk

På ikea i sommar kjøpte vi nye trekk til ektoprstolane våre.
Vi hadde alle reie bestilt ny sofa,
og dei grå trekka ville passa perfekt til den.
To trekk kom med oss heim.

Det gamle trekket var beige med kvite blomar på.
Godt brukte.



Ganske grå og triste.
Stolen heng liksom med hovudet.



Men med eit grått, ironisk eigentleg sidan det beige såg grått ut, nytt trekk,
fekk stolen nytt liv!!

Denne stolen har Ludvik teke til sin.


Dersom ein av borna sit i han.
Kjem Ludvik og stiller seg nedanfor.
Kikar på dei,
og seier med blikket sitt.
"Get lost!"

Dei veit kva dei vil,
både kattane og borna.

I dag har eg måla siste strøket i taket på småtroll 1 sitt soverom.
Eg hadde INGEN motivasjon.
Hadde heller lyst å ligge på sofaen å sjå gamle episoder av kva som helst.
Då er det gale.
Men eg gjorde det.
Og no er det ferdig!
Veggane tek eg i helga.

No skal eg på jobb!

Vi har sol i dag :)

♥klem Hanne♥



2 kommentarer:

  1. Forandring fryder alltid:) Fint ble det!

    Klem fra Pernille

    SvarSlett
  2. Så fin stolen ble med nytt trekk! Det ble jo en helt ny stol!

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails