søndag 11. september 2011

Ute då det regna...

...inne når sola skin.

Alle fire trolla her i huset tok på seg regnkle og gjekk ut på førmiddagen.
Målet var å grave ned løkar, som skal kome opp som blomar til våren.



Spanande synest eg.




Spanande med meitemark synest småtroll 1.




I august var stemorsblomane mine heilt visne.
Eg sette dei i trappa, som ein liten ventepost, til eg skulle orke å kaste dei.
Godt eg ikkje gjorde det!
Sjå på denne flottingen då!




Men naboen slit litt meir.



Småtroll 2 brukar støvlane eg hadde då eg var på hennar alder (eller storleik).
Søte og små.
Grøne og blå.




Vi ropte på sauane *korrikorrikorri*
Og dei kom.
Ei lita som ikkje har nok erfaring med desse synest det vart litt skummelt.




Ein litt større, har mykje erfaring og er tøff!





Tryggast når dei kom på avstand.

Kva har du gjort denne søndagen?

♥klem Hanne♥


2 kommentarer:

  1. Herlige bilder - Kan tro at barna storkoste seg :) Jeg har vært på jobb i dag formiddag, også har vi feiret bursdagen til min samboer i kveld :)

    SvarSlett
  2. regn kan være koselig.
    spesielt i grønne og blå støvler!!

    men jeg har ikke vært ute jeg.
    har vært på jobb. sukk,ja.sukk!!

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails