fredag 4. november 2011

Grønt i interiøret

Yndlingsfargen min er grøn.
Ikkje fordi eg har ein gartnar som er min venn,
men sikkert fordi eg skulle ønskje eg var ein gartnar?
Fordi eg har grøne auge?
Yndingsfargen min er i alle fall grøn.

Det resulterar i ein del grøne detaljar i interiøret (og kleda).
Og (må flire litt av denne siste) grønt hus!
Her får du sjå nokre av dei.




Grønt sinkskilt med teksta:
"Live, laugh. love. The most important things in life arent things".




Grøn og splitter ny radio.




Grønt hus og grøn lykt med krokar.




Grøn skål med grøne avokado.
Skal i alle fall bli nok guacamole til tacoen i morgon.
(keep in mind...eg skal feire 30-årsdagen min med jentefest)




Grøn sukkulent.


Det skulle vere med fleire bilete her,
men det går treigt på bloggen i dag.
Sidan eg har null tolmod att for dagen,
blir det med desse...kanskje eg legg til fleire i morgon.

Har du tolmod på ein fredagskveld?
Kva er din yndlingsfarge?

No skal eg lande i sofaen med ansiktet fyrst!

God helg!

Klem Hanne


5 kommentarer:

  1. Grønt er skjønt, er det noko som heiter :)
    Min yndlingsfarge er blå, og det viser godt att her heime ... men huset mitt har ikkje vorte blått enno!
    Gler meg til i morgon, håper eg greier å halde meg vaken til litt over ni iallfall :D
    God fredagskveld!

    SvarSlett
  2. Ja,grønt er skjønt:)Har litt av den fargen her også.Favoritten er nok lys blå♥

    Kos deg masse på jentefest i morgon!!!!
    Og sov godt i nattZzzzz...

    Klem frå Mette.

    SvarSlett
  3. Grønn skal være en beroligende farge, så da tipper jeg du er en veldig rolig og harmonisk person?!

    favorittfarge...hmmm? vanskelig å bare velge 1, men det må bli en blågrå farge/petrol/skittenblå

    Gooo helg Hanne!

    SvarSlett
  4. Eg òg likar det grøne:) Tenkjte grøne tankar og så vidare.... Elles likar eg godt lilla! Og grønt og lilla saman:) Ha ei god helg!

    SvarSlett
  5. Så vakre bilder :) Det skiltet over brudebildet var utrolig fint, og det passet jo såå fint inn der da!! :)God søndag :)

    SvarSlett

Related Posts with Thumbnails